Kleine Zeitung

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kleine Zeitung
Type Dagsavis
Format Tabloid
Grunnlagd 22. november 1904
Eigarar Styria Media Group
Hovudkvarter Graz, Klagenfurt
Nettstad www.kleinezeitung.at

Kleine Zeitung (tysk for liten avis) er ei austerriksk avis basert i Graz. Som den største regionale avisa i Austerrike dekkar ho forbundslanda Steiermark og Kärnten med Aust-Tirol. Avisa har om lag 800 000 abonnentar.

Kleine Zeitung vart grunnlagd i 1904 av Katholischer Presseverein. Den fyrste utgåva vart gjeven ut tysdag 22. november 1904. Frå byrjinga var avisa utforma til å betre passa massane, og ho dekte generelle og regionale nyhende i tillegg til å vera billeg. I dag er avisa eigd av Styria Media Group.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]