Klorid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kobolt(II)kloridheksahydrat er eit uorganisk klorid

Klorid er det negative ionet av klor, (Cl-). Det er eit anion, og har eit elektron meir enn det nøytrale kloratomet. Salta av saltsyre (HCl) inneheld ionet. Ofte vert ordet klorid brukt som ei fellesnemning for desse.

Ordet kan òg nyttast om kjemiske sambindingar der minst eit kloratom er kovalent bunde til molekylet. Dette gjer at klorid kan vera både organiske og uorganiske.

Eksempel på klorid[endre | endre wikiteksten]

Natriumklorid (NaCl) og kalsiumklorid (CaCl2) er uorganiske salt. Fosfortriklorid, disvoveldiklorid er kovalente uorganiske klorid.

Metylklorid (CH3Cl) er eit organisk klorid. Denne sambindinga vert som regel kalla klormetan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Klorid
Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

[[Kategori:Anion