Kodoridalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 43°05′N 41°45′E

Kart over Abkhasia som viser Kodoridalen om lag midt på bilete.

Kodoridalen (òg kalla Kodorigjelet; georgisk კოდორის ხეობა) er ein elvedal i Abkhasia, den sjølvstyrte republikken i Georgia, og fungerer som ei grense mellom republikken og resten av Georgia. Dei øvre delane av dalen er det einaste område i Abkhasia som den sentrale georgiske regjeringa har kontroll over, og vert kalla Øvre Abkhazia (georgisk ზემო აფხაზეთი, Zemo Abkhazeti).

Kodoridalen ligg i dei øvre områda av elva Kodori, nordaust i Abkhasia. Med ei høgd på mellom 1 300 og 3 984 meter dekkjer området over fleire typar landskap. Klima er nesten alpint og fuktig. I løpet av eit år kjem det normalt 1 600 til over 2 000 mm. Middeltemperaturen varierer frå om lag -3 °C i januar til 14 °C i juli.

Fleire landsbyar ligg oppover dalen, og dei største er Sjkhara, Omarisjara, Zemo Azjara, Kvemo Azjara og Lata.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]