Georgisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Georgisk
(ქართული kartuli)
Klassifisering: kaukasisk
 kartvelsk
  georgisk
Bruk
Tala i: Georgia, Iran og Tyrkia
Georgisktalande i alt: 4 178 604[1]
Språkkodar
ISO 639-1: ka
ISO 639-2: geo
kat
ISO 639-3: kat
Wikipedia på georgisk

Georgisk er eit kartvelsk (eller sørkaukasisk) språk som er majoritetsspråket i Georgia i Kaukasus, og minoritetsspråk i nabolanda Iran og Tyrkia. Jødegeorgisk er eit jødisk språk som er ein variant av georgisk, og som blir rekna som eit eige språk.

Klassifikasjon[endre | endre wikiteksten]

Georgisk er det største og mest brukte språket i den kartvelske familien, andre kartvelske språk er svansk, mingrelsk og lazisk, som alle blir snakka i Georgia (de fleste lazisk-talarane bur i Tyrkia).

Det har ikkje vore mogleg å vise slektskap mellom georgisk og andre kaukasiske språk (ut over dei andre kartvelske språka).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Georgisk skilde seg sannsynlegvis frå mingrelsk og lazisk tidleg på 1000-talet f.K. Basert på graden av endring i språket går lingvistar som til dømes G. Klimov, T. Gamkrelidze og G. Machavariani ut i frå at det første skiljet i språkfamilien kom på 2000-talet f.Kr, då svansk skilde seg frå dei tre andre språka.

Georgisk har ein rik litteraturtradisjon. Det eldste verket på georgisk er «Martyrdommen til den heilage dronninga Shushanik» (წამებაჲ წმიდისა შუშანიკისი დედოფლისაჲ) av Iakob Tsurtaveli, frå det 5. århundre e.Kr.

Skriftsystem[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Det georgiske alfabetet

Georgisk har vorte skrive med fleire skriftsystem i løpet av historia. I dag er det det georgiske alfabetet («mkhedruli») som blir brukt. Det georgiske alfabetet har 33 bokstavar som blir brukt til vanleg, og eit halvt dusin bokstavar som no er forelda. Bokstavane står nesten i eit ein-til-ein-tilhøve med lydane i georgisk.

I følgje dei tradisjonelle historiene som vart skrive ned av Leonti Mroveli i det 11. hundreåret, vart det georgiske alfabetet laga av Parnavaz I, den første kongen av Kaukasisk Iberia (også kalla Kartli), i det tredje hundreåret f.Kr. Dei første døma frå alfabetet er likevel frå 5.–4. hundreår f.Kr. I løpet av hundreåra vart alfabetet modernisert. I dag finst det tre forskjellige variantar av det georgiske alfabetet, som er så forskjellige frå einannan at det ikkje er mogleg å forstå dei to andre ved å forstå eitt av dei. Desse variantane blir kalla «asomtavruli» (majusklar), «nushukri» (minusklar) og «mkhreduli». Det finst ingen majusklar eller minusklar i mkhreduli.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Georgisk grammatikk.

Georgisk er eit agglutinerande språk. Det er visse prefiks og suffiks som blir sett saman for å danne verb. I nokre tilfelle finst det opptil åtte affiks i eitt verb samtidig. Eit døme er ageshenebinat («de hadde bygd»). Verbet kan delast inn i fleire delar: a-g-e-shen-eb-in-a-t. Kvart affiks her har noko å seie for kva tid verbet er i, og kven som utførte handlinga.

Synkope er eit utbreidd fenomen i georgisk. Når eit suffiks (spesielt fleirtalssuffikset -eb-) vert lagt til eit ord som har enten vokalane a eller e i siste staving, fell denne vokalen bort. For eksempel tyder megobari «ven». For å seie «vener» seier ein megobrebi, med tap av a i siste stavinga i rota.

Det er sju kasus i georgisk: nominativ, ergativ, dativ, genitiv, instrumental, adverbial og vokativ. Setningar vert vanlegvis bygde opp med subjektet i nominativ og objektet i akkusativ (eller dativ). Dette er likevel motsett i mange tilfelle (noko som for det meste avheng av karakteren til verbet). Dette blir kalla ein dativkonstruksjon. I fortid av transitive verb, og i notid av verbet «å vite», står subjektet i ergativ.

Georgisk er eit postposisjonelt språk, dvs. adposisjonar vert plasserte etter (i staden for framfor) substantiva dei har som komplement. Mange georgiske postposisjonar krev substantivet i ein viss kasus.

Den primære setningsstrukturen i georgisk er subjekt–verb–objekt, men ordfølgja er ikkje like streng som i mange germanske språk, som f.eks. engelsk. Ikkje alle ordrekkefølger er moglege, men det er mogleg med t.d. subjekt–objekt–verb. Georgisk har ikkje noko grammatisk kjønn, og pronomen er òg kjønnsnøytrale. Språket har ingen determinativar, så «gjest», «ein gjest» og «gjesten» blir sagt på same måte.

Ordforråd[endre | endre wikiteksten]

Georgisk har eit rikt avleiingssystem. Frå ei rot kan ein ved hjelp av bestemte prefiks og suffiks danne mange substantiv og adjektiv. For eksempel kan følgjande ord bli avleidd frå rota -kart-: Kartveli (ein georgiar), Kartuli (språket georgisk) og Sakartvelo (Georgia).

Georgisk bruker eit tjuetalssystem, på same måte baskisk og dansk. For å uttrykke tal som er større enn 20 og mindre enn 100 seier georgiarane først kor mange tjue-tal det er, og så resten av talet. For eksempel er «93» ოთხმოცდაცამეტი otkh-m-ots-da-tsamet'i (bokstaveleg fire-ganger-tjue-og-tretten).

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Pavle Ingorokva. # Georgian inscriptions of antique.- Bulletin of ENIMK, vol. X, Tbilisi, 1941, s. 411-427 (på georgisk)
  • Zaza Aleksidze. Epistoleta Tsigni, Tbilisi, 1968, 150 sider (på georgisk)
  • Korneli Danelia, Zurab Sarjveladze. Questions of Georgian Paleography, Tbilisi, 1997, 150 sider (på georgisk, med engelsk oppsummering)
  • Elene Machavariani. The graphical basis of the Georgian Alphabet, Tbilisi, 1982, 107 sider (på georgisk, fransk oppsummering)
  • Ivane Javakhishvili. Georgian Paleography, Tbilisi, 1949, 500 sider (på georgisk)
  • Ramaz Pataridze. The Georgian Asomtavruli, Tbilisi, 1980, 600 sider (på georgisk)
  • «Great discovery» (om akademiker Levan Chilashvilis ekspedisjon).- Avis «Kviris Palitra», Tbilisi, 21.27. april 2003 (på georgisk)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]