Kognitiv metaforteori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kognitiv metaforteori er metaforteorien som er utvikla innanfor kognitiv lingvistikk, og teorien blei fyrst presentert av dei amerikanske forskarane George Lakoff (lingvist; 1941-) og Mark Johnson (filosof; 1949-) i boka Metaphors We Live By (1980).[1] Nedanfor fylgjer ein gjennomgang av nokre hovudpunkt i kognitiv metaforteori.

George Lakoff (1941-)

Metaforiske uttrykk og konseptuelle metaforar[endre | endre wikiteksten]

Ein hovudtese i denne teorien er at metafor ikkje er eit språkleg fenomen, men eit mentalt fenomen, og for å understreke dette perspektivet, nyttar ein nemninga konseptuell metafor. Ein konseptuell metafor er ein særskild måte å tenkje på. Når dei fulfulde-talande i Maasina i Mali nyttar det som opphavleg er "hestenemningar", for å snakke om sykkelen, har dei jamført sykkelen med hesten og "oppdaga" eller etablert parallellar mellom dei to fenomena. Dei har etablert den konseptuelle metaforen SYKKELEN ER EIN HEST. På grunnlag av denne konseptuelle metaforen har dei fulfulde-talande skapa fleire språklege metaforiske uttrykk. Puccel tyder ikkje lenger berre 'liten hest', men også 'sykkel'; koyngal tyder ikkje lenger berre 'fot, bein', men også 'hjul'.

Kjeldedomene og måldomene[endre | endre wikiteksten]

I innleiiande er det ei skildringa av ein metaforisk bruk av verba svelgje og tyggje, og det står mellom anna: "Verbet svelgje er ført over frå eit bruksområde som gjeld det å føre mat ned i magen til eit bruksområde som gjeld det å føre idear inn hovudet." Desse "bruksområda" blir i kognitiv metaforteori kalla domene eller konseptuelle domene, det vil seie konseptuell (eller mental) representasjon av - eller kunnskap om - eit samanhengande røynsle-segment.[2] Ein kunne òg seie ein samanhengande del av førestillingsverda vår. Kunnskapen vår om eting og melting utgjer eitt konseptuelt domene, kunnskapen vår om tenkjing og forståing utgjer eit anna. På same vis utgjer kunnskapen vår om hestar eit eige konseptuelt domene og kunnskapen vår om syklar eit anna. To konseptuelle domene er involverte i ein konseptuell metafor: eit kjeldedomene og eit måldomene, og dei kan definerast slik:[3]

I den konseptuelle metaforen SYKKELEN ER EIN HEST er EIN HEST kjeldedomenet og SYKKELEN måldomenet. Det er ein ålmenn regel at namnet på ein konseptuell metafor blir skrive med store bokstavar etter formelen X ER Y, der X = måldomenet og Y = kjeldedomenet, og ER uttrykkjer ein likskapsrelasjon. Dei metaforiske uttrykka med verba svelgje og tyggje nytta høvesvis i tydingane godta og tenkje over er baserte på den konseptuelle metaforen IDEAR ER MAT. Ofte er måldomenet meir abstrakt og komplekst enn kjeldedomenet, og det heng saman med eit ålment drag ved menneskeleg tenkjing: Vi forstår det abstrakte og komplekse på grunnlag av det konkrete og enkle. Eit anna døme er TID ER ROM - vi forstår det abstrakte tidsdomenet (måldomenet) ved hjelp av det meir konkrete romdomenet (kjeldedomenet), og snakkar om at tysdag kjem etter måndag og at han har mange år bak seg i politikken.

Korrespondansar mellom kjeldedomene og måldomene[endre | endre wikiteksten]

Den konseptuelle metaforen IDEAR ER MAT kan illustrere eit ekstra poeng, nemleg at det er ein analogisk relasjon mellom kjeldedomene og måldomene. Innanfor idédomenet står idear, tenkje over, godta og hug, sinn, hjerne i same relasjon til kvarandre som høvesvis mat, tyggje, svelgje og mage i matdomenet, og ein snakkar om korrespondansar (engelsk mappings eller correspondences) mellom element i idédomenet og element i matdomenet:

Kjeldedomene
MAT
står i korrespondanse med Måldomene
IDEAR
mat idear
tyggje tenkje på
svelgje godta
mage hug, sinn, hjerne

Ikkjespråklege metaforiske uttrykk[endre | endre wikiteksten]

Eit bilete som metaforisk uttrykk: Britiske politikarar tvingar «Amerika», framstilt som ei indiansk kvinne, til å «svelgje» lover dei har vedteke.

Det nemnde skiljet mellom konseptuell metafor og metaforisk uttrykk blir understreka av at metaforiske uttrykk ikkje treng å vere språklege. Ikkje-språklege metaforiske uttrykk finst det fleire typar av, mellom anna bilete (teikningar, målarstykke) og musikk. Teikninga til høgre er eit døme på det fyrste. Ho viser britiske politikarar som tvingar «Amerika», framstilt som ei indiansk kvinne, til å «svelgje» lover dei har vedteke. Teikninga byggjer på to konseptuelle metaforar, IDEAR ER MAT og EIT LAND ER EIN PERSON. Det siste er eit døme på den metafortypen som i klassisk retorikk går under namnet personskaping eller personifikasjon (av klassisk gresk προσωποποιία prosōpopoiá og latin prosopopoeia, fictiō persōnae eller persōnificātiō[4]), det at omgrep og ting blir framstilte som talande og handlande personar.[5]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. George Lakoff og Mark Johnson 1980. Metaphors We Live By. Chicago og London: The University of Chicago Press. Boka finst i norsk (bokmål) omsetjing: George Lakoff og Mark Johnson 2003. Hverdagslivets metaforer. Fornuft, følelser og menneskehjerne. Omsett av Mie Hidle. Oslo: Pax Forlag A/S.
  2. Jf. s. 247 i Zoltán Kövecses 2002. Metaphor. A Practical Introduction. Oxford: Oxford University Press.
  3. Jf. s. 252-253 i Zoltán Kövecses 2002. Metaphor. A Practical Introduction. Oxford: Oxford University Press.
  4. § 425 i Heinrich Lausberg1963. Elemente der literarischen Rhetorik. München: Max Hueber Verlag.
  5. Tormod Eide 1990. Retorisk leksikon. Oslo: Universitetsforlaget.