Mali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Republique du Mali

(norsk: Mali, malisk)

Det maliske flagget Det maliske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Pour l'Afrique et pour toi, Mali»
Motto Fransk: Un peuple, un but, une foi
(eit folk, eit mål, ei tru)
Geografisk plassering av Mali
Offisielle språk Fransk
Hovudstad Bamako
Styresett
Republikk
Ibrahim Boubacar Keïta
Oumar Tatam Ly
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 240 192 km² (23.)
1,6 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
14 533 511 (68.)
11,7 /km² (174.)
Sjølvstende
frå Frankrike
20. juni 1960
Nasjonaldag 22. september
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
16 740 mill. USD (131.)
1 200 USD (175.)
Valuta CFA-franc
Tidssone UTC
Telefonkode +223
Toppnivådomene .ml


Kart over Mali
Landskap frå Kayes i det vestlege Mali.
Marknaden i Djenne i regionen Moptii, med den store moskeen i bakgrunnen.
Ein landsby i Bandiagara-brekka i regionen Mopti.
Sankore-moskeen i Timbuktu.
Frå Kidal i det austlege Mali.

Mali er ein stat i Vest-Afrika som har grenser til Algerie i nord, Niger i aust, Burkina Faso og Elfenbeinskysten i sør, Guinea i sørvest og Senegal og Mauritania i vest. Landet har inga kystline, men dekkjer i staden delar av Sahara i nord. Ein finn to store elvar, Niger og Senegal, og dei fleste innbyggjarane av landet i sør. Landet, som tidlegare var kalla Fransk Sudan, tok namnet sitt etter Maliriket.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Det offisielle språket i Mali er fransk. Desse språka har status som nasjonalspråk: bambara (bamanankan), bomu, tiéyaxo-bozo, toro-so-dogon, maasina-fulfulde, hassaniyya-arabisk, mamara-senufo, kita-malinké, soninke, koyraboro-senni-songhay, syenara-senufo, tamasheq og xxaasongaxango. Mali har til saman 57 språk.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sudanrepublikken fekk saman med Senegal sjølvstende frå Frankrike den 20. juni 1960, og gjekk saman i Maliføderasjonen. Senegal trekte seg ut etter berre nokre månader, og Sudanrepublikken skifta namn til republikken Mali 22. september.

Presidentar:

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Landet er stort sett flatt, med savanne rundt elva Niger i sør og sanddekte sletter i nord. I nordaust ligg Air Massif og Djado Plateau. Størsteparten av landet ligg i Sahara, som kan gje landet ei støvete skodde i den tørre årstida og somme tider streng tørke.

Det finst mange naturressursar i Mali, og gull, uran, fosfat, kaolin, salt og kalkstein er dei mest utvunne.

Regionar[endre | endre wikiteksten]

Mali er inndelt i åtte administrative regionar pluss eitt distrikt, Bamako; jamfør lista nedanfor. Regionane og distrikta har namn etter den viktigaste byen.

Mali Regions.png

Dei tre nordlege distrikta, Gao, Kayes og Kidal, har to tredelar av flateinnhaldet, men berre 10% av folketalet. Mali har til saman 703 kommunar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Det meste av Mali har eit savanneklima, der den intertropiske konvergenssona fører til regntid i dei sørlege områda av landet. Dei nordlege områda ligg utanfor nedslagsfeltet til nedbøren, og har eit meir ørkenprega landskap. Monsunen byrjar sakte å gjere seg gjeldande utpå våren i Sahelområdet, og gjev litt forfriskande regn i den elles trykkande varmen. Maksimumstemperaturen nærmar seg ofte 40 °C på denne tida. Dei nordlege områda er mindre fuktig, men varmen er minst like steikande.

Midt på sommaren har det intertropiske regnbeltet flytta seg nord til om lag 20ºN. I juli og august ved ei breiddegrad på om lag 13ºN, som er dei sørlege områda av Mali, er forholda meir tropiske med regn nesten kvar dag og litt lågare temperaturar. Bamako har ein årleg nedbørsnormal på 1120 mm. Beltet frå 13º til 20ºN er framleis steikande varmt, men har nok fukt til at ein kan få ettermiddagsbyger og torevêr. Ein god sommar kan det kome totalt 150 mm, medan det andre år kan kome så godt som ingenting. Dette skjedde både på 1970- og 1980-talet då Sahelområdet vart råka av fleire alvorlege tørkeepisodar.

Det meste av regnet i Sahel kjem frå aust i samband med byger og bygelinjer. Bygelinjene oppstår ofte når austvinden frå fjella i Tsjad blandar seg med den sørvestlege vinden sør for den intertropiske konvergenssona. Desse bygene fører med seg kraftig vind og kraftig regn, som ikkje varer særleg lenge, men som virkar oppfriskande og kjøler ned landskapet. Regntida endar raskt rundt Sahel, og desember og januar kan ha ganske så behagleg klima med varme dagar, kjølige netter og mykje sol. Om vinteren kan derimot ein nordaustleg vind, kalla harmattan, blese opp i 15 m/s (stiv kuling), og føre med seg ein god del støv som gjev dårleg sikt.

Nigerelva sett ved Koulikoro.
Foto: «Guaka».

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jf. artikkelen om Mali i Ethnologue.
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mali