Svovelsyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Svovelsyre er ei sterk toprotisk syre, noko som seier kor mange hydrogen-ion ho gjev frå seg i vatn. Svovelsyra har den kjemiske formelen H2 SO4.

Svovelsyre er oksiderande og verkar dehydrerande. Salt av svovelsyre vert kalla sulfat.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Svovelsyre er mykje brukt i kjemisk industri, mellom anna som råstoff i framstilling av andre kjemikaliar. Syra vert brukt som surheitsregulerande middel, og har da nummer E-513.

Ein finn svovelsyre i sur nedbør.

Andre sterke syrer[endre | endre wikiteksten]