Kolaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kola
Kola River.JPG
Utspring Kolozero
Munning Kolabukta
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 83 km
Middelvassføring 40 m³/s
Nedslagsfelt 3 850 km²

Kola (russisk Кола) er ei elvKolahalvøya i Murmansk oblast i Russland. Elva er 83 km lang og har eit nedslagsfelt på 3 850 km². Elva har ei middelvassføring på 40 m³/s. men med store variasjonar mellom årstidene.

Elva renn ut frå innsjøen Kolozero og frå her nordover og ut i Kolabukta ved Barentshavet, rundt 10 km sør for Murmansk, der naboelva Tuloma òg munnar ut ein kilometer lenger vest. Dei største sideelvane hennar er Kitsa og Orlovka frå høgre, og Tukhta og Medvezja frå venstre.

Byer og busetnader langs elva er Kola, Molotsjnyj, Vykhodnoj, Sjonguj, Magnetity, Kildinstroj, Loparskaja, Kitsa, Tajbola og Pulozero.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]