Russisk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Russisk (Русский язык (russkij jazyk)) |
||
| Klassifisering: | Indo-europeisk Slavisk Austslavisk Russisk |
|
| Bruk | ||
| Tala i: | Russland og til ein viss grad dei tidlegare sovjetiske statane. | |
| Russisktalande i alt: | 145 031 000[1] | |
| Rangering: | 8. plass | |
| Skriftsystem: | Kyrillisk | |
| Offisiell status | ||
| Offisielt språk i: | Russland, Kviterussland, Kasakhstan, Kirgisistan, Abkhasia (Georgia) | |
| Normert av: | Det russiske språkinstituttet | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-1: | ru | |
| ISO 639-2: | rus | |
| ISO 639-3: | rus | |
Russisk er eit av dei indo-europeiske språka, på den slaviske språkgreina saman med mellom andre polsk, ukrainsk, tsjekkisk, slovakisk, bulgarsk, slovensk og serbo-kroatisk. I lag med ukrainsk og kviterussisk utgjer russisk dei tre austslaviske språka. Russisk er det mest utbreidde slaviske språket. Nyare overslag for russisktalande varierer mellom 145 og 160 millionar menneske.
Innhaldsliste |
[endre] Utbreiing
Russisk språk blir skrive med kyrilliske bokstavar, og blir tala i Russland og av etniske russarar og andre russiskspråklege (ukrainarar, kviterussarar, polakkar, jødar, tatarar og andre som nyttar russisk) i andre tidlegare delar av Sovjetunionen og/eller Tsar-Russland. Tilhøva i grannelanda Kviterussland og i Ukraina er serskild forvite å fylgja med på sidan ukrainsk, kviterussisk og russisk er nærskylde aust-slaviske grannespråk for nærskylde grannefolk med mykje felles gamal og ny historie. I Kviterussland er russisk det dominerande språket, òg mellom etniske kviterussarar. Ukraina har russisktalande i heile landet, men færrast i vestre og eit tyngdepunkt i austre helvta av landet. Her er det òg flest etniske russarar. Alt i alt skal Ukraina ha 17,3 % etniske russarar, og mellom 29,6 % og 43-46 % russiskspråklege (sjå om russisk språk på russisk wikipedia.)
I tillegg til Russland har russisk òg offisiell status i Kviterussland, Kasakhstan, Kirgisistan, den autonome republikken Krim i Ukraina og i den ikkje godkjende utbrytarrepublikken Transnistria i Moldova. Russisk er eit av dei seks offisielle språka i Dei sameinte nasjonane (SN).
Om russisk skal få offisiell status er eit splittande spørsmål i ukrainsk politikk. Sameleis i Latvia (med 41 % russiskspråklege).
I Noreg blir det undervist i russisk som andre framandspråk på eit fåtal vidaregåande skular. Universiteta i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim og høgskulen i Finnmark underviser i russisk språk.
[endre] Dialektar
I den europeiske delen av Russland finst det tre store regionale dialektgrupper: nord-, mellom- og sørrussisk. Desse regionale gruppene kan så vidare delast inn i meir lokale dialektar. I høve til dei store avstandane i Russland er det etter måten mindre variasjon enn i mange andre europeiske land, men nokre dialektar er likevel så forskjellige at det er vanskelig å forstå einannan.
[endre] Nordrussisk
Nordrussisk kan avgrensast av ei nordaustleg linje frå Ladogasjøen via Novgorod og Jaroslavl til Josjkar-Ola. Denne dialekten har ein klar uttale og ustemt «o» (оканье – okanje), guttural «g» og einhard «t». Dei nordrussiske dialektane kan grovt klassifiserast etter geografisk område:
[endre] Mellomrussisk
Mellomrussisk vert tala i eit område som ligg mekkom Sankt-Petersburg, Novgorod, Jaroslavl og Tsjeboksary i nord, til Velikije Luki, Moskva og Penza i sør. Men det er ikkje skarpe grenser og dette området er farga både av nord- og sørrussisk. I vest finn ein ustemt «o». Mellomrussisk vert ofte delt i fyljande geografiske dialektar:
- westmellomrussik i Pskov
- westmellomrussik i Novgorod
- austmellomrussisk i området rundt Moskva
- austmellomrussisk i området rundt Jegorjevsk
- austmellomrussisk i området rundt Temnikov
- austmellomrussisk i området rundt Vladimir
[endre] Sørrussisk
Sørrussisk vert tala i områda sør for Velikije Luki, Rjazan og Tambov. Her vert ustemt «o» uttala som «a», dei har frikativ-«g» og blaut «t». Sørrussisk vert delt i dei geografiske dialektane:
[endre] Kjelder
[endre] Bibliografi
- Berkov, V. (red.), Stor russisk-norsk ordbok, Kunnskapsforlaget, 2000.
- Berkov, V. (red.), Stor norsk-russisk ordbok, Kunnskapsforlaget, 2000.
[endre] Sjå òg
| Slaviske språk |
| Austslaviske: kviterussisk | russisk | ukrainsk |
| Vestslaviske: tsjekkisk | slovakisk | polsk | pommersk | kasjubisk | sorbisk (over- og nedersorbisk) |
| Sørslaviske: bulgarsk | makedonsk | bosnisk | serbokroatisk | slovensk |