Kollektor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kollektor kan syne til fleire ting innan elektronikk.

Straumsamlar[endre | endre wikiteksten]

Det kan vere ein straumsamlar som består av ringar eller lamellar forbunde med rotorviklinga i elektriske maskinar. Kollektoren gjev kontakt til børstar som fører straumen frå den roterande til den stilleståande delen av maskinane.

I transistorar[endre | endre wikiteksten]

Ein kollektor i ein bipolar transistor er eit av tre aktive område i transistoren.

Måling[endre | endre wikiteksten]

Ein kollektor er ein sonde eller spiss som blir brukt for å måle elektrisk potensial i atmosfæren (dropekollektor, flammekollektor, spisskollektor), sidan han lett kan avgje eller motta elektrisk ladning frå lufta og difor innstiller seg på same spenning som lufta på den staden han er sett opp.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]