Komfyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tidleg elektrisk komfyr.

Komfyr er ein omn brukt til matlaging, hovudsakleg på kjøkken. Komfyrar har gjerne platetopp og steikeomn. Opphavleg brukte ein vedkomfyr til å laga mat på, men i moderne tid har ein også teke i bruk kol, brennbar gass og elektrisk straum til å varma mat. I Noreg er elektisk komfyr vanlegast.

Komfyrar kan koma som frittståande møblar med platetopp oppå og steikeomn nede, eller desse kan koma separat slik at dei kan installerast kvar for seg. I ein vedomn kan ein nytta varmen frå steikeomnen til plater eller ringhòl oppå, men i moderne komfyrar treng ein ikkje dette.

Ordet «komfyr» kjem via nederlandsk frå gammalfransk chauffoir, 'varmestove'.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Komfyr

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne matartikkelen som har med teknologi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.