Kol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kol er òg eit anna namn på grunnstoffet karbon.

Døme på kol.

Kol er ei samnemning for sedimentære bergartar som inneheld karbon. Dei er svarte eller brunsvarte, og for det meste danna av planterestar. Kol har stor økonomisk verdi, og kolkraft vert mellom anna nytta i kraftverk (kolkraftverk).

Innhaldsliste

Ulike typar kol [endre]

Ei enkel grovinndeling av koltypane som finst deler dei inn slik:

  • Fossila kol: Kol som er skapt i økosystem av myrer der plantedelar blei verna mot oksidering og nedbryting. Torv er eit forstadium til kol.
    • Brunkol er eit yngre fossilt kol med låg energiverdi som hovudsakleg kjem frå den geologiske perioden tertiær. Brunkol er ein sedimentær bergart som hovudsakleg blir brukt i kraftproduksjon.
    • Steinkol er eit eldre fossilt kol med høgare energiverdi, hovudsakleg danna i karbontida. Også steinkol er ein sedimentær bergart og blir i tillegg til kraftproduksjon også brukt til koks.
    • Antrasitt er eit uvanleg hardt fossilt kol med høg energiverdi. Dette kan reknast som ein metamorf bergart då det har vore utsett for høgt trykk og temperatur.

Inndelinga av kol baserer seg på delen av flyktige bestanddelar, og varierer mellom ulike land.

Andre typar kol [endre]

  • Koks blir laga gjennom oppvarming av steinkol, slik at flyktige delar forsvinn og det som er igjen smelter saman.
  • Trekol blir laga gjennom oppvarming av tre.

Bruk av ordet kol [endre]

Ordet «kol» er ofte blitt brukt for å visa til noko som er heilt svart, og er brukt i nokre namn, som Kolbein og Kolbjørn.

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kol
Spire Denne geologiartikkelen som har med kjemi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.