Kondom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samanrulla kondom

Kondom er eit prevensjonsmiddel i form av eit futteral, i dag hovudsakleg laga av lateks, som dekker penisen til mannen under samleie.

Kondom reduserer risikoen for graviditet og for å få kjønnssjukdomar som klamydia, gonoré, syfilis eller hiv. Kondom kan òg brukast til å halde sexhjelpemiddel, som til dømes dildoar, reine, og med dette òg hindre spreiing av kjønnssjukdomar.

Fordelar og ulempar med kondombruk[endre | endre wikiteksten]

Fordelar
  • Einaste prevensjonsmiddel som beskyttar mot kjønnssjukdomar.
  • Påverkar ikkje kroppens hormonsystem (slik andre prevensjonsmiddel gjer).
  • Kan redusere problemet med for tidleg sædavgang.
Ulempar
  • Nedsett følsemd for mannen.
  • Krev ein viss grad av motivasjon og disiplin.
  • Nokon får svie og ubehag viss ein ikkje kombinerer kondom med glidemiddel.
  • Nokon er allergiske mot lateks.