Samleie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For seksuell omgang mellom dyr, sjå paring.
Elskande par i ei seng. Illustrasjon frå mellomalderverket Tacuina sanitatis.
Anatomisk studie av eit vaginalt samleie. (Leonardo da Vinci rundt 1492)

Samleie eller viser til seksuell omgang mellom menneske. Den vanlegaste forma, vaginalt samleie, vil seia at ein fører mannen sin erigerte penis inn i skjeden til kvinna, men også andre former for intens stimulering av kjønnsorgana mellom menneske kan kallast samleie. Samleie kan utførast på ei rekkje ulike måtar, ta ulik tid og ha ulike føremål. Eit viktig mål kan vera befrukting, men andre kan vera å bygga nærleik, tilfredsstilla lyst, eller utøva makt. Det kan omfatta forspel, penetrasjon og har gjerne orgasme og/eller utløysing frå ein eller begge partane som klimaks.

Samleie er omfatta av lovar som set grenser for kven ein kan utføra det med og kvar. Det er også omfatta av tabu, og blir sjeldan utført offentleg. Sjølve handlinga kan omtalast med ei rekkje omgrep, som coitus, hjåsvæve, å elska, å liggja saman eller å ha sex.

Biologi[endre | endre wikiteksten]

Hovudføremålet for paring i naturen er som regel forplanting, og dei fleste dyr parer seg berre når hoa er fruktbar. Menneske og ein del andre dyr har derimot ei kjønnsdrift som gjer at dei ønskjer å ha samleie oftare. Menneske blir gjerne tiltrekte av kvarandre gjennom flørting, sans- og kjensleinntrykk og utsondring av feromonar. Dei kan vidare bli seksuelt opphissa gjennom nærkontakt, nakenheit og utveksling av kjærteikn, gjerne i erogene soner. Opphissinga fører mellom anna til auke i puls og blodtrykk, tilstrømming av blod til kjønnsorgana, som blir større.

Ein kan gjennomføra eit vellukka samleie når penis er erigert og skjeden er gjort fuktig gjennom utskiljing av eit sekret, eller ein har tilført eit glidemiddel. Utan glidemiddel kan samleiet vera smertefullt og gje skadar. Deretter oppnår ein seksuell stimulering gjennom friksjon der penis eller eit anna objekt går fram og tilbake inni skjeden eller eit anna kroppshòlrom. Frå opphissingsfasen går ein over til platåfasen, eit høgdepunkt for lystfølelsen der ein nærast automatisk fortset handlinga. Denne fasen går gjerne over i orgasmefasen, ein svært opphissa og lukkeprega tilstand på opptil 15 sekund som er prega av muskelsamantrekkingar nær kjønnsorgana og utskiljing av hormon som oxytocin og prolaktin. I denne fasen er det vanleg for menn å få sædutløysing, medan kvinner noko sjeldnare kvinner kan ha ei tilsvarande væskeutløysing. Etter dette klimakset følgjer den rolegare avspenningsfasen der ein kan kjenna velvære og glede.

Vaginalt samleie kan føra til befrukting om kvinna er i ein fruktbar periode og sæden ikkje blir stoppa av prevensjonsmiddel. Alle former for samleie kan føra til smitte av seksuelt overførbare sjukdommar, men bruk av kondom minsker sjansen for smitte.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Samleie