Konfutse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Konfutse. Teikning av ein bronseskulptur.

Konfutse (kinesisk 孔子, Kǒng zǐ, eller 孔夫子, Kǒng Fūzǐ, 'meister Kong') var ein kinesisk tenkjar som levde frå 551 til 479 f.Kr. Læra hans er seinare utvikla til konfutsianismen, og har prega kinesisk, koreansk, japansk og vietnamesisk samfunn. I vestleg tradisjon er han også kalla Confucius (Konfucius), ei latinisering gjort av jesuittmisjonæren Matteo Ricci, som oppsummerte læra hans på 1600-talet.

Læresetningane hans er samla i Samtalar (eller Analektar, kinesisk 論語, Lunyu), ei aforismesamling laga fleire år etter at han døydde. Tradisjonelt har han òg vore rekna som opphavsmannen til «Dei fem klassikarane», anten som forfattar eller redaktør.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Konfutse blei fødd som Kong Qiu (孔丘) i eller nær byen Qufu (曲阜) i Lu-staten (魯), no i den kinesiske Shandong-provinsen. Han skal ha kome frå ein adeleg familie som hadde mista mykje av rikdommen sin. Faren døydde då han var tre. Konfutse voks opp i fattigdom, men fekk god opplæring av mora, og viste interesse for religiøse seremoniar og studium. Nitten år gammal gifta han seg med Qi Guan (亓官), og dei fekk sonen Kong Li (孔鯉) då han var tjue. Mora døydde då han var tjuetre, og han sørgde over henne i tre år.

Konfutse skal ha livnært seg som gjetar, skrivar og bokhaldar. Han gjorde karriere og fekk stillinga som justisminister i Lu då han var femtitre år gammal. Etter at herskaren av Lu hadde vanskjøtta pliktene sine forlét han embetet og reiste rundt i dei små, ofte stridande rika i nordaustre og sentrale Kina. Han la fram tankane sine, men ingen av statane tok dei til følgje. Etter tretten år vende Konfutse skuffa tilbake til heimlandet. Her arbeidde han med sine Samtalar og underviste læresveinar, mellom anna ved hjelp av «Dei fem klassikarane».

Konfutse døydde syttito eller syttitre år gammal, nedbroten etter tapet av sonen og favorittelevane sine. Einaste sonesonen, Zisi, vidareførte læra hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Konfutse
Spire Denne filosofiartikkelen som har med Kina å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.