Konfutsianismen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
De kinesiske skriftteiknet for vatn blir ofte brukt som symbol på konfutsianismen.

Konfutsianisme (kinesisk 儒家) er eit austasiatisk etisk og filosofisk tankesystem, med moralske, sosiale, politiske og religiøse idear. Konfusianismen oppstod i Kina og har hatt vesentleg kulturell innverknad der og i Japan, Korea og Vietnam.

Konfutsiansk tempel i Jiangxi, bilde frå 1871.

Konfutsianismen har fått namn frå Konfutse, ein kjend læremeister og politisk rådgjevar som levde frå 550 til 479 fvt. Konfutse la vekt på ritar (li), men snarare enn å tolka desse som offerseremoniar for å verta signa av guddommar, såg han på samhandlinga menneske mellom som utslag for mønster for sivilisert og kultivert oppførsel som hadde utvikla seg gjennom generasjonar. Han inkluderte også sosiale reglar i li. Tradisjonsrike ritar var grunnlaget for sivilisasjon, og berre eit sivilisert samfunn kunne ha ein stabil, sameina og varig sosial orden.

Kinesisk måleri av Konfutse frå rundt 1770.

Konfutse[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Konfutse.

Konfutse levde i den såkalla Vår og haust-perioden, ei periode i kinesisk historie då ulike føydalstatar stridde mot kvarandre. Konfutse sin filosofi la vekt på moral, korrekt oppførsel i sosiale samanhangar, rettferd og ærlegdom. Ideane til Konfutse vart fyrst introdusert i Europa av jesuitten Matteo Ricci, som også latiniserte namnet hans til Confucius.

I Analektane, ei av dei fire bøkene i konfutsianismen, vert Konfutse si lære samanfatta.

Konfutsiansk tenking[endre | endre wikiteksten]

Liji, 'Boka om ritane', ei av dei fem klassikarane i konfutsianismen, som Konfutse skal ha skrive eller samla.

Li[endre | endre wikiteksten]

Ritar, (li, 禮) var opphavleg knytt til offergjeving i ein religiøs seremoni, men vart i konfutsianismen utvida til også å dekkja sekulære høflegheitsritar og normer. Konfutse ynskte å gjenoppliva reglane for etikette frå tidlegare kinesiske dynasti, men vart etter sin død også sjølv eit ideal for rituell oppførsel.

Hsiao[endre | endre wikiteksten]

Lærar og respektfull elev framfor eit altar med bilde av Konfutse. Utstilling ved Hong Kong historiske museum.

Familiekjærleik, (hsiao, 孝), er rekna for å vera blant dei fremste dygdene i konfutsianismen og skal visast ovanfor både levande og døde. Kjærleiken i familien vart gjennom analogiar også utvida til å gjelda i «dei fem (eller seks) forholda», mellom:

  1. far og son (父子),
  2. herskar og undersått (君臣),
  3. ektemann og kone (夫婦),
  4. eldre og yngre bror (兄弟),
  5. venar imellom (朋友)
  6. lærar og elev, i nokre tradisjonar

Spesifikke plikter vart gjeve til kvar av deltakarane i desse parforholda. Pliktene var også gyldige ovanfor dei avdøde, levande stod i rolla som son ovanfor dei avdøde i rolla som far. Forfedredyrking er vanleg innan konfutsianismen.

Chung[endre | endre wikiteksten]

Lojalitet (chung, 忠) er tilsvaret til familiekjærleik på ei anna nivå, mellom statsleiar og minister.

Rén[endre | endre wikiteksten]

Konfutse var oppteken av individuell utvikling, som han meinte tok plass innan menneskelege forhold. Ritar og familiekjærleik er måtar ein skal oppføra seg mot andre ut frå ein grunnleggjande godskap eller human oppførsel (rén, 仁). Den konfusianske forståinga av rén kan illustrerast med den konfutsianske, negativt formulerte utgåva av Den gylne regelen: Gjer ikkje mot andre det du ikkje ville lika at dei gjorde mot deg.

Rén har også ein politisk dimensjon. Dersom ein herskar manglar rén vil det i typisk konfutsiansk forståing vera vanskeleg, om ikkje umogleg, for undersåttane i riket å oppføra seg humant. Ein inhuman herskar risikerer å mista himmelmandatet, retten til å herska. Ein slik herskar treng ein ikkje å lyda.

Junzi[endre | endre wikiteksten]

Junzi (君子) er ein sentral term for klassisk konfutsianisme. Omgrepet tyder bokstaveleg 'son av ein herskar', prins eller 'adelsmann' og representerer idealmennesket, den perfekte gentleman, som konfutsianismen oppmodar alle å streva i retning av. Den perfekte junzi skulle:

  • dyrka fram sin eigen moral
  • ta del i riktig utøving av ritar
  • visa familiekjærleik og lojalitet, og
  • dyrka fram human oppførsel

Utvikling av konfutsianismen etter Konfutse[endre | endre wikiteksten]

Tankeskulen grunnlagt av Konfutse vart fyrst vidareført av hans disiplar og av barnebarnet Zisi. Seinare vart tankesettet bygd vidare på av Mengzi (Mencius) og Xun Zi, to tenkjarar med på mange måtar motsette syn.

Mengzi hevda at mennesket var godt, født med ein moralsk sans. Samfunnet sin negative innverknad resulterte i dårleg oppførsel og korrumpert moral. Målet for moralsk kultivering er å returnera til den medfødde moralen. Xun Zi på si side meinte at mennesket var egoistisk og vondskapsfullt, og at naturtilstanden for menneskeleg samfunn er lovløyse, endelaus krig og kaos. Han såg på moral som ein sosial institusjon og godheit som noko som ein berre nå gjennom utdanning og oppførsel som passar den posisjonen ein har.

Neokonfutsianisme[endre | endre wikiteksten]

Neokonfutsianisme er ein term brukt om ei form for konfusianisme som i stor grad vart utvikla under Song-dynastiet, men som kan sporast attende til Han Yu og Li Ao i Tang-perioden. Termen bør ikkje samanblandast med den moderne ny-konfutsianismen frå det tjuefyrste hundreåret.

Neokonfutsianisme var eit svar på utfordringane frå taoismen og buddhismen. Neokonfutsianistar som Zhu Xi utvikla eit meir omfattande metafysisk system, med fellestrekk med både buddhistisk og taoistisk tankegods. I typisk neokonfutsianisme vert menneskenaturen sett på som grunnleggjande god, men handling er påkrevd for å gjera li rein. Dei fleste neokonfutsianistar avviste ideane om reinkarnasjon og karma.

Er konfutsianismen ein religion?[endre | endre wikiteksten]

Til kva grad konfutsianismen kan kallast ein religion er omdiskutert. Samstundes som det vert lagt stor vekt på ritual er det i lita grad snakk om gudsdyrking. Blant visdomsorda tilskrive Konfutse finst det dei som i vestlege øyre vil bli oppfatta som agnostiske. Konfutsianismen har likevel aspekt av forfedredyrking og av guddomeleggjering av tidlege kinesiske statsleiarar — og av Konfutse sjølv — i seg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Konfutsianismen