Kongedømet Mallorca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kongedømet Mallorca
12761349
Plasseringa til Mallorca
Kongedømet Mallorca låg utanfor austkysten av det moderne Spania og på sørkysten av det moderne Frankrike.
Hovudstad Ikkje spesifisert
Styreform Monarki
Konge
 - Første Jakob II av Mallorca
 - Siste Jakob III av Mallorca
Historisk periode Mellomalderen
 - Jakob I av Aragon testamenterer området til sonen Jakob II 1276
 - Peter III av Aragon erobrar kongedømet og det vert innlemma i kongemakta Aragón 29. oktober 1349

Kongedømet Mallorca var grunnlagd av Jakob I av Aragón, òg kjend som Jakob erobraren. Etter den førstefødde sonen hans, Alfonso, døydde, skreiv han eit testamente i 1262 der kongedømet skulle gå til sonen hans Jakob. Då Jakob I døydde i 1276, gjekk kongemakta Aragón til den eldste sonen Peter og kongedømet Mallorca gjekk til Jakob, som regjerte som Jakob II av Mallorca. Det same testamentet sa at kongen av Mallorca var ein vasall under kongen av Aragón.

Erobringa av Mallorca av Jakob I av Aragón (1229).

Kongedømet omfatta Balearane: Mallorca, Menorca (som framleis var under muslimsk styre før 1231, då dei overgav seg til Jakob I), Ibiza og Formentera. Kongen var òg herre over grevskapa Roussillon og Cerdanya, i tillegg til områda Jakob I hadde i Oksitania - Montpellier, vicomtdømet Carlat, i Auvergne og baroniet Aumelas, nær Montpellier.

Då Jakob I døydde valde den nye kongen av Mallorca, Jakob II å ikkje betale skatt til Peter III, og først i 1279 vart Konggedømet Mallorca igjen underlagt kongen av Aragón. Kongen av Mallorca var frå no nøydd til å opphalde seg i Catalonia. Mangelen på eit hoff på Mallorca gjorde øyane destabiliserte, og at det ikkje fanst nokre institusjonar her bortsett frå monarkiet.

James III av Mallorca var berre ni år då han tok over trona og ein trengde eit styre til å ta over landet medan han var barn. Situasjonen var vanskeleg og kongedømet hamna i store finansproblem. I 1343 invaderte Peter IV av Aragón Balearane og året etter grevskapa Roussillon og Cerdanya. James III klarte berre å halde på dei franske områda sine. Desse selde han til kongen av Frankrike i 1349 og sette kurs mot Mallorca. Her vart han slått og drepen i slaget ved Llucmajor den 25. oktober 1349. Med dette vart kongedømet Mallorca innlemma i krona Aragón for godt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]