Formentera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Formentera
Flagget til Ibiza og Formentera
Flagget til Ibiza og Formentera
Geografi
Localització de Formentera respecte les Illes Balears.svg
Stad Middelhavet
Koordinatar 38°42′N 1°27′EKoordinatar: 38°42′N 1°27′E
Øygruppe Illes Pitiüses i Balearane
Areal 83,24 km² km²
Høgaste punkt 119 moh.
Administrasjon
Land Spania
Provins Balearane
Største busetnad Sant Francesc Xavier
Demografi
Folketal 7461 (2002)
Folketettleik 90 /km²

Formentera er den minste og sørlegaste øya i Illes Pitiüses i Balearane i Spania. Ho er 19 km lang og ligg om lag 6 km sør for Ibiza i Middelhavet. Dei største landsabyane her er Sant Francesc Xavier, Sant Ferran de ses Roques, El Pilar de la Mola og La Savina.

Ein kan berre nå øya med båt frå Ibiza og ho er derfor den rolegare av dei to øyane. I nyare år har likevel turismen auka kraftig her òg. Øya er kjend for dei flotte strendene.

Nord for Formentera ligg den vesle øya Espalmador (Illa de s'Empalmador). Espalmador er skild frå Formentera av ein grunn sandbanke og ved fjøre sjø er det mogeleg å vasse mellom dei to øyane.

Formentera består av ein kommune, som òg heiter Formentera, og han hadde 7461 innbyggjarar i 2002. Øya har eit areal på 83,24 km².

Ein snakkar ein lokal diakelt av katalansk på Formentera.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet på øya er sagt å kome frå det latinske ordet frumentarium, som tyder «kornmagasin». Øya var busett av kartagenarar før romarane tok over. Dei neste hundre åra gjekk øya til vestgotarane, Austromarriket, vandalar og arabarar. Ho vart erobra av katalanarar og underlagt Aragon og i mellomalderen Kongedømet Mallorca.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Formentera

Kjelder[endre | endre wikiteksten]