Kongsspegelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fyrste side i Kongsspegelen
Manuskriptside med utdrag frå Kongsspegelen

Kongsspegelen (norrønt Konungs skuggsjá, latin Speculum regale) er eit læreskrift i samfunnskunnskap og samfunnsmoral frå 1200-talet. Det er eit filosofisk-didaktisk skrift, forfatta i Noreg, og blei skrive som ei lærebok for seinare kong Magnus Lagabøte, son av kong Håkon Håkonsson.

Kongsspegelen har form av ein dialog mellom far og son. Sonen spør, og vert undervist av far sin. Det vert mellom anna gjeve praktiske og moralske råd knytt til kjøpmannskap, hird, høvisk framferd og militærvesenet. Ein del handlar om tilhøvet mellom kyrkja og staten. Mykje handlar om kongen sine rettar og plikter.

Originalen vart til kring 1250, og er skriven på norrønt språk. Det eldste fullstendige handskriftet er frå kring 1275.

Nokre sitat[endre | endre wikiteksten]

  • «Det skal du og hugse vel på, at du aldri let den dag gå over deg at du ikkje lærer eitt eller anna som det er gagn i, om du vil heite vis. Og ver ikkje lik dei som held det for ei skam at andre skal syne eller lære dei slike ting som ville vere til stort gagn om dei lærte dei. La det vere deg ei like stor ære å få lærdom som å gje, om du vil heite full-vis.»
  • «Om du vil bli fullkomen i lærdom, så lær alle tungemål, men aller helst latin og fransk, for dei måla går vidast, men gløym likevel ikkje ditt eige tungemål».
  • «Når gudstenestene er slutt, gå så ut og sjå om handelen i byen…Det skal du og sjå vel etter, at all den vara du kjøper, er heiltopp uskjemd og ufalska, og at ho er ransaka før du endeleg avgjer kjøpet ditt. I alle dei kjøpa du gjer, skal du støtt ha nokre skila men attved, som kan vere vitne på korleis handelen var gjord. No skal du drive på med handelen din alt til dagverd, eller middag, om det er naudsynt gå så å få deg mat…Etter maten kan du…se etter kva andre gode kjøpmenn tek seg til, eller om det kjem til byen ny vare som du kunne trenge om å kjøpe...Sit aldri lenge inne med varene dine, om du kan få dei avhenda for ein høveleg pris, for kjøpmenns natur er å køpe jamt og selje snøgt unna».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]