Magnus VI av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Magnus VI Håkonsson
King Magnus VI of Norway. Stavanger Cathedral blank.png
Konge av Noreg
Regjeringstid 12631280
Fødd 1. mai 1238
Død 9. mai 1280
Føregjengar Håkon Håkonsson
Gift med Ingeborg Eriksdotter
Born  
  1. Olav (Óláfr) (1262 - 1267)
  2. Magnus (Magnús) (1264 - 1264)
  3. Eirik (Eiríkr) (1268 - 1299)
  4. Håkon (Hákon) (1270 - 1319)

Magnus Lagabøte (norrønt Magnús lagabœtir) eller Magnus Håkonsson (norrønt Magnús Hákonarson) (1. mai 12389. mai 1280) var konge av Noreg frå 1263 til 1280.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Magnus var den yngste sonen til kong Håkon Håkonsson (Hákon Hákonarson) og kona hans Margaret Skuladotter (Margrét Skúladóttir). Han vart fødd i Tunsberg og døypt i mai 1238. Mesteparten av oppveksten var han i Bergen. I 1257 døydde storebroren Håkon Unge, og Magnus vart tronarving. Same året gav faren han kongsnamn, som han hadde gjort med Håkon Unge før han. 11. september 1261 gifta Magnus seg i Bergen med den danske prinsessa Ingeborg Eriksdotter, dotter til den drepne danske kongen Erik Plogpenning. Ho vart nærmast bortført frå klosteret ho budde i i Danmark, etter at forhandlingar om giftarmålet med den danske kongen hadde gått i stå. Seinare vart kampen for å få Ingeborg si farsarv ei viktig kjelde til konflikt mellom Noreg og Danmark. Magnus og Ingeborg vart krona straks etter bryllaupet, og Magnus fekk Ryfylke å styra over for å få sine eigne inntekter. 16. desember 1263 døydde kong Håkon på Orknøyane under felttoget sitt mot Skottland for å bevara norsk styre over Sudrøyane, og Magnus vart eineherskar i Noreg.

Regjeringstid[endre | endre wikiteksten]

Utanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Magnus sitt styre førde med seg ei omlegging frå den noko aggressive utanrikspolitikken til faren. I 1266 inngjekk han Perth-traktaten med skottekongen, der han gav opp norsk styre over Sudrøyane og Man mot ein større sum sølv og ei årleg avgift. Samstundes godtok skottekongen norsk styre over Orknøyane. I 1269 inngjekk han Winchester-traktaten som stadfesta det gode tilhøvet til den engelske kongen, Henry III. Magnus ser òg ut til å ha eit godt forhold til den svenske kongen Valdemar Birgersson, og i 1260-åra vart den første grenseoppgangen med Sverige gjennomført. Då Valdemar vart avsett av dei to brørne sine og flykta til Noreg i 1275 førte det til at Magnus kalla ut ein leidangsflåte for første og einaste gong. Med ein stor flåte møtte han den nye svenske kongen, Magnus Ladulås ved landsgrensa for å prøva å tvinga fram eit forlik mellom dei to brørne, men utan hell. Magnus Ladulås ville ikkje gi etter for presset, og Magnus Lagabøte trekte seg attende utan krigshandlingar.

Innanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Magnus utførte eit stort arbeid for å modernisera lovverket, noko som gav han tilnamnet sitt, Lagabøte (lovforbetraren). Tidleg i regjeringstida modifiserte han dei ulike landskapslovene, før han gjekk til arbeidet med å laga ei felles lov for heile landet. I 1274 var Magnus Lagabøtes landslov - eit felles lovverk for heile landet, inkludert Færøyane og Shetland - ferdig. I 1276 vart denne følgt opp av Magnus Lagabøtes bylov, som inneheldt særskilte føresegner for byane. Ei utgåve av landslova vart og utarbeidd for Island. Ei felles lov for eit heilt land var på denne tida ei nyskaping, som til då berre hadde blitt innført i kongerika Sicilia og Castilla. Landslova slo fast prinsippet om at drap var eit brotsverk mot staten heller enn individet, og avskaffa grunnlaget for blodhemn. Autoriteten til kongen vart styrkt, som grunnlaget for domsmakt. Arvefylgjelova vart slått fast, i tråd med den som Håkon Håkonsson innførte i 1260, ein ektefødd son skulle arva trona. Den kongelege arvefylgja var ei viktig og vanskeleg sak, så seint som i 1240 hadde det blitt ført innbyrdeskrig i Noreg om dette spørsmålet. I 1273 gav Magnus kongsnamn til den eldste sonen sin, Eirik, og hertugtittel til den yngste sonen sin, Håkon. Slik var arvefylgja utvetydig fastlagd.

Sjølv om Magnus var ein personleg svært from og religiøs konge hamna han i konflikt med erkebiskopen, Jon Raude, grunna lovarbeidet sitt. Erkebiskopen gjorde motstand mot kongelege forsøk på å kontroll over kyrkjeretten, og prøvde å bevara kyrkja si makt over kongeval. I 1277 vart det inngått eit forlik, sættargjerda i Tunsberg, som klarla forholdet mellom kyrkja og kongemakta. Kyrkja beheldt utstrekt fridom i juridiske saker, men gav opp sitt gamle krav om at kyrkja var den norske kongen sin føydale overherre.

På det kulturelle feltet vidareførte Magnus faren sitt arbeid med å innføra den høviske hoffkulturen frå kontinentet til Noreg. I 1277 vart dei to høgaste gradane i kongshirda, lendmann og skutilsvein, erstatta av dei felleseuropeiske titlane baron og riddar. Samstundes fekk baronane og riddarane ekstra privilegium, og retten til å bli tiltalt som herre (herra). Magnus er truleg den første norske kongen som brukte eit ordenstal i sin eigen tittel, han kalla seg sjølv Magnus IV (han talde ikkje Magnus Haraldsson og Magnus Blinde. Straks etter at faren var død fekk han islendingen Sturla Þórðarson til å skriva faren sin saga. I 1278 fekk han den same Sturla til å skriva sin eigen saga. Magnus Lagabøtes saga vart dermed den siste av dei norrøne kongesogene, diverre er berre brotstykke bevarte.

Magnus fastset lovane. Illustrasjon frå manuskript

Død og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Våren 1280 vart Magnus sjuk i Bergen, og døydde 9. mai. Han hadde allereie planlagd å få sonen Eirik krona til midtsommars som medkonge, no vart Eirik istaden einekonge, 12 år gamal. Den verkelege makta fall til eit formyndarstyre, der Magnus si dronning, Ingeborg var framtredande. Magnus vart hugsa som ein god konge, som hadde styrt med lov heller enn med makt. Nokre moderne historikarar har sett han som ein veik konge, fordi han gav opp Sudrøyane og Man og var for ettergjevande mot kyrkja sine krav. Andre ser dette som kloke avgjerdsler. Det er høgst tvilsamt om Noreg kunne halda fast ved øyane vest for Skottland dersom skottane først sette inn ressursar på å ta dei, og vidare krigføring ville difor neppe ført fram. Magnus sitt forlik med kyrkja førte til ro innanlands, men kyrkjepolitikken vart kraftig lagt om av formyndarstyret til sonen Eirik, som seinare fekk tilnamnet "Prestehatar". Magnus vart gravlagd i klosterkyrkja til fransiskanarane i Vågsbotn, som sidan 1500-talet er Bergen domkyrkje.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Magnus VI av Noreg