Kontinentalmargin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
██ Sediment ██ Berglag ██ Mantel

Kontinentalmargin er ei sone av havbotn som skil den tynne oseanskorpa frå den tjukke kontinentalskorpa. Kontinentalmarginar utgjer om lag 28 % av havområda.[1]

Overgangen frå kontinental- til oseanskorpe skjer vanlegvis innanfor dei ytre delane av grensa eller marginen, kalla kontinentalfot. På havsida av grensa ligg djuphavsslette. Undervassdelen av kontinentalskorpa vert kalla kontinentalsokkel, som vanlegvis endar brått ved kontinentalskråningen. Kontinentalstigninga er eit område med slak stigning frå djuphavssletta og opp mot kontinentalskråningen. Kontinentalsokkelen utgjer om lag 20 % av kontinentalskorpa.[1]

Kanten av kontinentalmarginen vert nytta som grensa for internasjonalt godkjende nasjonale krav til undervassressursar i definsjonen av kontinentalsokkelen av Havrettstraktaten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 P. J. Cook, Chris Carleton (2000) "Continental Shelf Limits: The Scientific og Legal Interface", ISBN 0195117824