Koralbok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koralbok er på germansk språkområde ei nemning ei samling firstemt utsette evangeliske koralar, det vil seie melodiar til bruk ved salmesongen i gudstenesta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter reformasjonen vart det gjeve ut songbøker og kyrkjesongbøker til hjelp for songen under gudstenesta. Den eldste melodisamlinga som vart trykt under namnet koralbok, var «Choral-Gesangbuch», utarbeidd av Daniel Speer i Stuttgart i 1692. Boka hadde notar med melodi og generalbass til 316 songar, og ho sette standard for utgjevingane i hundreåra som følgde.

Måten salmane var arrangerte på, og måten dei vart sungne på, har skifta gjennom tidene. Opphavleg var songen i tradisjonen etter Martin Luther rikt rytmisk nyansert. Gjennom hundreåra vart rytmen utjamna, slik at alle noteverdiane vart av same lengd, samstundes med at tempoet i songen vart redusert.

Slik vart salmesongen oppfatta som musikalsk «daud». Dette vart i vart forsøkt bøtt på på ulikt vis i folkemusikken og ved orgelimprovisasjonar mellom strofane. På midten av 1800-talet kom det ut koralbøker med melodiar i meir opphavleg form, med rikare rytmikk.

Koralbøker i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I 1783 kom den første offisielle Choral-Bog, av Niels Schiørring. Den var laga for Guldbergs salmebok av 1778 og hadde besifra bass til 100 melodiar.

I 1801 kom H. O. C. Zincks Koral-Melodier til den Evangelisk-christelige Psalmebog. Denne omfatta 122 melodiar med besifra bass.

Den første norske koralboka var Ole Andreas Lindemans Coral-Bog inneholdende de i Kingos, Guldbergs og den evangelisk christelige Psalmebog forekommende melodier , autorisert ved kongeleg resolusjon 15. juni 1835 til udelukkende Brug ved Gudstjenesten i Rigets Kirker.

15.12. 1877 vart Koralbog indeholdende de i Landstads Salmebog forekommende melodier autorisert. Boka var utarbeidd av Ludvig Mathias Lindeman. Boka inneheldt 142 salmemelodiar.

I 1926 kom Koralbok for den norske Kirke med 283 melodiar til salmane i Landstads reviderte salmebok og Nynorsk salmebok.

I 1985 vart Norsk koralbok autorisert, med melodiar til Norsk salmebok.

Mellom desse autoriserte koralbøkene er det gjevne ut fleire private koralbøker. Viktigast av desse var Per Steenberg si koralbok frå 1947. Denne boka gjekk eit lang steg i retning av å restaurere melodiane til dei opphavlege formene, ei line som vart vidareført i Norsk koralbok av 1985.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]