Kraftblokk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Enkel kraftblokk

Kraftblokk er ein, ofte hydraulisk, vinsj som vert brukt til å drage garn, not og annan reiskap, på fiskefartøy.

Den første kraftblokka hadde ein enkel, stor V-forma rull med eit hardt gummibelegg Ho revolusjonerte arbeidet med innhaling av fiskereiskapar, i første omgang snurpenot. Medan ein tidlegare måtte ha mange mann til å drage og tørke ei snurpenot manuelt, kunne det same arbeidet gjerast lettare og med mindre mannskap, med kraftblokk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kraftblokka vart oppfunnen av ein kroatisk fiskar, Mario Puratić, medan han arbeidde som tunfisk- og sardinfiskar frå San Pedro i California. Ho vart patentert i 1953.

Etter at det vart starta produksjon av kraftblokker i Seattle spreidde bruken seg snøgt.

Islendingar satsa tidleg på bruk av kraftblokk. Då nordkystfiskeriet av sild svikta, frå seint på 1940-talet, måtte fiskarane søkje lenger til hav. Snurpenotfiske med to dorryar egna seg dårleg til det. Det gjekk betre med ein stor dorry der nota vart plassert. Fiskeoperasjonen vart utført om bord i hovudfartøyet. Ringnota vart utvikla. Denne måten å fiske på gjorde overgangen til kraftblokk, kring 1960, enkel.

Den første kraftblokka på norske fartøy vart montert om bord i «Ola Ryggfjord», reiar Trygve Olsen frå Havøysund, i 1957. Fleire følgde etter. Men sjølv om fisket var toleg bra, gjekk omlegginga seint. Ein grunn til det var at det var fleire forlis mellom dei første kraftblokksnurperane. Kraftblokka var montet så høgt at fartøyet vart farleg ustabilt under snurping. Først når norske fiskarar såg kor vellukka kraftblokkbruken var på Island, tok mange etter. Den endelege overgangen kom i åra 1963–65.

Overgangen til kraftblokk førte til auka fangstar. Fiskarane kunne nå i fiskestimane lenger frå land. Fisket varte lenger. Kraftblokkteknologien vart forbetra. Kraftblokka frå Bjørshol Mekaniske AS, Triplex,[1] fekk tre rullar. Ho vart montert lågare på fartøyet. Dette, og andre fordelar har gjort at Triplex har vorte nær einerådande innan kraftblokkfiske, både i Noreg og i utlandet. Store kraftblokker i dag har trekkkraft opp til 50 tonn.

Kraftblokk til fritidsfiske

Innføring av fleire andre hjelpemiddel kom og på denne tida, og var med å effektivisere fiske, som forbetra leiteutstyr, ringnøter av kunstfiber, fiskepumpe, kjøletankar, notbinge, notrør, notleggar, notrull, dekkskraner, sidepropell.

I tillegg til fiske etter sild vert og kraftblokk brukt under fiske av andre stimfiskar som makrell, brisling, sei og makrellstørje.

Det har vorte utvikla kraftblokker for mindre båtar brukt av yrkes- og hobbyfiskarar. Dei minste kan vere drivne av elektro- eller bensinmotor. (12-24 volt) Typisk trekkraft på desse er 220 kg. Dei har til vanleg garntrommel og line /taug skive. Desse vert og kalla teinehalar. For noko større fiskefartøy er det blokker for fiske med snurvad, mindre trålar og snurpenøte. Typisk trekkraft er 2000 til 3000 kg.[2]

I oppdrettsnæringa vert det brukt kraftblokker til ulikt arbeid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Per Helge Pedersen og Åge Olsen: Havets sølv Kystens gull . Kristiansund – den siste store sildebyen i Norge. Per Helge Pedersen ENK 2022 ISBN 978-82-692255-1-8
  • Åsmund Lund Olsen :På sporet av de tapte sild. Masteroppgave i historie ved Institutt for arkeologi, konservering og historie UNIVERSITETET I OSLO Vår 2019
Fotnotar
  1. «Historien». Bjørshol Mekaniske AS. Henta 25. april 2023. 
  2. «Notblokk KB24». Hydema AS. Henta 25. april 2023.