Kriminalitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kriminalitet er ei nemning på juridisk forbodne handlingar som er straffbare etter straffelovgjeving. Kva som er kriminelt variere frå samfunn til samfunn, men viser ofte til handlingar som fører til skade på liv og helse, eigedom eller meir abstrakte omgrep, som samfunnsordningar, ideologi og moral. Det som er rekna som kriminelt overlappar gjerne med det mange reknar som etisk gale, men treng ikkje gjera det. Vitskapen som studerer kriminalitet blir kalla kriminologi.

I moderne samfunn kan politiet etterforska lovbrot og prøva straffa kriminelle. Medan kriminelle handlingar ofte blir melde til politiet, er det også mange som av ulike grunnar ikkje blir det. Desse fører til såkalla mørketal i kriminalitetsstatistikken. Mørketala gjer at ein vanskeleg kan måla kriminalitet i eit samfunn. Aukande tal på meld kriminalitet treng ikkje tyda at krimnaliteten stig, fordi tidlegare brotsverk kan ha vore underrapporterte.

Kriminalitet med kjend gjerningsmann kan straffast med bøter, samfunnsstraff, soning i fengsel eller andre stader, og i nokre samfunn også tortur og dødsstraff. Reaksjonar mot kriminelle handlingar kan gå ut på å gje straffer som skal verka avskrekkande slik at færre vil ønska å gjera dei, verka som forvaring der ein hindrar kriminelle frå å stå for meir kriminalitet, eller prøva å endra kriminelle slik at dei ikkje lenger vil utføra kriminelle handlingar gjennom tiltak som utdanning, arbeid eller behandling.

Den norske straffeloven definerer kriminelle brotsverk i Noreg.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Kriminalitet kan delast inn i ulike typar. Her følgjer Statistisk sentralbyrå si inndeling i ti hovudgrupper. Døma vil ikkje alltid samsvara med gruppeinndelinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]