Kristin Midthun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristin Midthun
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. februar 1961 (63 år)
Oslo
Yrke handballspelar

Kristin Midthun Ihle (fødd 4. februar 1961) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Oslo. Kantspelaren vann OL-sølv i 1988 og VM-bronse i 1986.

Midthun spelte i mange år på Oslo-laget IL Vestar og vart i 1989 seriemeister med laget. På Noregs handballandslag var ho i fleire sesongar det soleklare fyrstevalet på venstrekanten i angrepet. Frå debuten i 1982 deltok ho i 142 landskampar og skåra 302 mål. Ho var sterkt delaktig både då Noreg vann bronse i Handball-VM 1986 og sølv under Sommar-OL 1988 i Seoul. I november 1988, to månader etter sommarleikane, opptredde ho i landsdrakta for siste gong.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]