Kristine Moldestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristine Moldestad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. april 1969 (55 år)
Bærum kommune
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 1996

Kristine Moldestad (fødd 10. april 1969) er ein norsk tidlegare handballspelar. Ho vann bronse i EM 1994 og sølv i EM 1996 med Noreg.

Rykkromspelar Moldestad spelte til 1990 på Halsen IF. Sidan var ho fram til 1999 aktiv for Larvik HK, ein klubb som i denne perioden tok steget opp i toppen av norsk kvinnehandball. Moldestad utmerkte seg som ein sterk forsvarsspelar og deltok på det norske landslaget i tida frå februar 1994 til desember 1996. Desse åra var ho med å vinne bronsefinalen mot Ungarn under europameisterskapen 1994, for så å tape bronsefinalen i VM 1995 og sameleis i Sommar-OL 1996. Også hennar siste landskamp, finalen i Handball-EM 1996, enda med norsk tap. Moldestad spelte 65 landskampar og skåra 64 mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1994: Bronsemedalje etter 24–19 mot Ungarn
  • VM 1995: Nr 4 etter 24–25 mot Danmark
  • OL 1996: Nr 4 etter 18–20 mot Ungarn
  • EM 1996: Sølvmedalje etter 23–25 mot Danmark

Kjelder[endre | endre wikiteksten]