Kroatisk kuna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Kuna i Idaho, kunaene, språket kuna og Kuwait News Agency (KUNA).

Kroatisk kuna (kroatisk: hrvatska kuna; ISO 4217: HRK) er mynteininga i Kroatia. Kunaen er delt inn i 100 lipa, og vart innførd i juni 1994, etter ei valutareform som erstatta den tidlegare kroatiske dinaren. Denne vart innførd berre tre år tidlegare, og hadde i sin tur erstatta den tidlegare jugoslaviske dinaren. Ved det siste bytet var 1 kuna verd 1000 gamle dinarar (HRD).

Kuna tyder mårkroatisk og fleire andre slaviske språk. Namnet på valutaen kjem av at mårpelsar vart brukte som betalingsmiddel i Kroatia i mellomalderen. Lipa tyder lind på kroatisk.

Valørar[endre | endre wikiteksten]

  • Setlar: 5, 10, 20, 50, 100, 200, 500 og 1 000 kuna
  • Kuna-myntar: 1, 2 og 5 kuna
  • Lipa-myntar: 1, 2, 5, 10, 20 og 50 lipa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]