Krumsabel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Indisk krumsabel, talwar.

Krumsabel er ein sabel med sterkt krumma form. Det er eit einegga sverd som ofte har ei ekstra krumming nær odden. Våpenet har opphav i Midtausten, og har ein plass innan muslimsk kultur. Det finst ei rekkje ulike blankvåpen som fell inn under nemninga krumsabel, som arabisk saif, indisk talwar, persisk shamshir, polsk karabela og tyrkisk kilij og jatagan.

Tyrkisk krumsabel, kilij.

Krigsreiskap[endre | endre wikiteksten]

Krumsablar var veleigna til krigføring frå hest på grunn av ei relativt låg vekt og lang klinge. Bogeutforminga gjorde at ein lettare kunne hogga ned motstandarar frå hesteryggen.

Symbolsk bruk[endre | endre wikiteksten]

Mange muslimske tradisjonar bruker krumsabel som symbol. Seremonielle krumsablar kan har vers frå Koranen inngravert. Ein bruker også bilete av krumsablar som nasjonale symbol, som i det jemenittiske flagget og det saudiarabiske riksvåpenet.

Dhu al-Fiqar eller Zulfiqar er namnet på eit sverd som profeten Muhammed sjølv og svigersonen Ali skal ha brukt. Sverdet er blitt eit symbol på sjiaislam, og namnet er blitt brukt fleire gonger i militær samanheng også i moderne tid.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Krumsabel

Kjelder[endre | endre wikiteksten]