Kudma
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Kudma | ||
|
|
||
| Munning | Volga | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 144 km | |
| Middelvassføring | 5,75 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 3 200 km² | |
Kudma (russisk Ку́дьма) er ei elv i Nizjegorod oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå høgre. Elva er 144 km lang og har eit nedslagsfelt på 3 200 km².
Elva får stort sett vasstilførsel via snøsmelting og har ei middelvassføring på 5,75 m³/s, målt 54 km frå munningen. I løpet av året varierer derimot vassføringa mellom opp mot 236 m³/s og 0,21 m³/s.
Kjelda til elva ligg 15 km frå landsbyen Selitba og munnar ut i Volga nær landsbyen Kadnitsy. Kudma renn gjennom Bogorodskij og Kstovskij rajon i Nizjegorod.
Dei største sideelvane hennar er Pava, Settsjuuga, Sjiloksja, Tsjizjkovo, Magna, Unkor, Sjeloksjonka, Oziorka og Sjava.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Кудьма» frå Wikipedia på russisk, den 31. oktober 2008.