Kungliga biblioteket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den markante risalitten på Kungliga biblioteket

Koordinatar: 59°20′17″N 18°04′19″E

Kungliga biblioteket (kortform «KB») er det svenske nasjonalbiblioteket. Bygnaden ligg i Humlegården i Stockholm. Biblioteket har sidan 1661 samla inn og tatt vare på alt trykt materiale som blir gjeven ut i Sverige. Frå 1. januar 2009 gjeld plikta òg audiovisuelle media. Kungliga biblioteket er ein statleg institusjon.[1]

Samlingane er opne for alle, men verksemda er mest retta inn mot forskarverda. Materialet frå den svenske samlinga må studerast på biblioteket og kan ikkje lånast med heim. Det meste må tingast på førehand.

Kungliga biblioteket flytta inn i den noverande bygningen i Humlegården årsskiftet 1877/78. Huset, som blei teikna av Gustaf Dahl, er oppført i ein nyskapande støypejernsteknikk. Dei to fløyene blei bygde i 1926-27 etter teikningar av Axel Anderberg. Bygningane har hatt statleg vern som statligt byggnadsminne sidan 1935.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kungliga biblioteket: «Om oss»
  2. Statens fastighetsverk, arkivert frå originalen 28. november 2010, henta 26. januar 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]