Kvae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Insekt fanga i kvae.

Kvae eller harpiks (resin), er ei ikkje-flytande blanding av terpenar, fenylpropanoidar og gummistoff som vert skilt ut frå sårflater på tre og stivnar i kontakt med luft.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Kvae vert produsert i spesielle kvaekanalar og er vanleg hos vekstar i furufamilien, styraksfamilien og skjermplantefamilien. Kvae er treet sitt forsvarsystem mot angrep av insekt og sopp. Når for eksempel ei barkebille prøver å gnage seg inn under barken startar kvaeutfloda, eit friskt tre vil normalt skilje ut så mykje at billa må gje tapt. Kvae består av ulike hydrokarboner og stivnar fort når eteriske oljer fordampar.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Kvae vert nytta til ei rekke formål, mellom anna i produksjonen av terpentin, røykjelse (frå Boswellia sacra), myrra (frå Commiphora abyssinica), Latex (frå gummitreet), og rav (fossil kvae).

Kvae vert òg nytta på bogar for strykeinstrument for at håra skal festa seg på stengene og gleppa når krafta overstig ei viss grense. Måten bogehåra festar seg til strengene er viktig for lyden frå strykeinstrument

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kvae
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.