Røykjelse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Røykjelseskjegle.
Foto: André Karwath

Røykjelse er ei blanding av harpiks, planteoljer og andre velluktande stoff frå planter og somme tider dyr som blir brend for å gje får seg ein aromatisk røyk.

Ein kan brenna røykjelse direkte i form av små kjegler, som pulver i haldarar eller bål, eller på ein røykjelsespinne laga ved å rulla han rundt ein pinne av til dømes bambus. Etter at ein set fyr på røykjelsen skal flammen nesten slokka slik at røykjelsen gløder og sender ut ein jamn, velluktande røyk.

Røykjelsesrøyk i Lhasa i Tibet.
Foto: Nathan Freitas

Røykjelse blir brukt innan religiøse samanhengar eller som stemningsskapar. Han er brukt innan buddhismen, hinduismen og dei katolske og ortodokse kyrkjene, og innan new age-religionar. I Noreg er det mange som bruker røykjelse rundt juletider.

Bruken av røykjelse går langt tilbake i tid, og han blei brukt i store mengder i ulike gudshus i Eurasia, til dømes i tempelet i Jerusalem. Men røykjelsen var òg ein luksusvare, brukt og gjeven som gåve av rikfolk og herskarar.

Den dyraste delen av røykjelse er virak, kjend som «rein røykjelse» eller frankincense. Andre vanlege luktgjevande delar er ambra, eine, kamfer, myrra, nellik, patsjoli, sjasmin, sedertre, sandeltre og ylang-ylang.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Røykjelse