Kvaleksplosjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvaleksplosjonar vil seie at kadaveret av ein kval eksploderer på grunn av det stendig aukande trykket frå gassane som dannar seg i magen på kvalen når han vert liggjande og rotne. Eksplosjonane går vanlegvis føre seg langt til havs, der ingen menneske kjenner stanken av dei utstrøymande, illeluktande gassane, eller høyrer «smellet» frå eksplosjonen. Men det er òg døme på at slike eksplosjonar har gått føre seg når kvalar renn seg på land og vert liggjande, slik det vart filma då ein færøysk marinbiolog skulle opne buken på ein spermkval som låg og rotna på ei strand på Færøyane hausten 2013. Meininga med få hol på kvalen var å hindre at han eksploderte seinare.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]