Spermkval
| Spermkval | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Dyr | |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr | |
| Underrekkje: | Virveldyr | |
| Klasse: | Pattedyr | |
| Orden: | Kvalar | |
| Underorden: | Tannkvalar | |
| Familie: | Spermkvalfamilien | |
| Slekt: | Physeter | |
| Art: | P. catodon | |
| Vitskapleg namn | ||
| Physeter catodon | ||
Spermkval, Physeter catodon eller Physeter macrocephalus, er ein tannkval i spermkvalfamilien. Han blir opp til 18 meter lang. Spermkvalen finst i så godt som alle verdshava, frå Ekvator til Arktis og Antarktis, helst i ope hav eller ved kontinentalsokkelen. Han var utsett for industriell kvalfangst på 1900-talet, men det vart òg driven omfattande fangst allereie før granatharpunen si tid, tilbake til 1712. Rundt 1950 nådde fangsten høgda, då det vart fanga opp til 25 000 dyr i året. Den kommersielle fangsten tok slutt i 1988. Etter dette har det blitt drive fangst i liten skala frå opne båtar i Indonesia. Den globale bestanden er høgst usikker, men iallfall over 100 000 individ.[1] Spermkval kjem innom norske farvatn på næringsvandringar om sommaren.[2]
Fotnotar [endre]
Kjelder [endre]