Kvantemekanisk tunnelering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kvantemekanisk tunnelering er eit fenomen i kvantemekanikken der ein partikkel kan røre seg i strid med dei grensene energien eller rørslemengda til partikkelen skulle tilsei, så lenge denne rørsla skjer innanfor grensene gjeve av Heisenbergs uskarpleiksrelajson. På den måten kan ein partikkel gå gjennom eller over ein barriere som han i følgje klassisk fysikk ikkje skulle kunne overvinne. Slike effektar er observert i mange kvantemekaniske system, mellom anna alfadesintegrasjon. Sannsynet for kvantemekanisk tunnelering minkar eksponentielt med tjukkleiken til barrieren. Tunneleringseffektar kan derfor ha særs varierande overgangssannsyn eller levetid, og for alfadesintegrasjon er det observert levetider frå brøkdelar av sekund til milliardar av år.

Innan mesoskopisk fysikk og nanoteknologi er ein viktig konsekvens av tunnelering at elektron kan kome gjennom tynne isolatorar og dermed gje elektrisk straum gjennom isolatoren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]