Kvantemekanikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Partikkelfysikk
Teoriar
Standardmodellen
Kvantemekanikk
Kvantefeltteori (QFT)
Kvanteelektrodynamikk (QED)
Kvantekromodynamikk (QCD)
Den spesielle relativitetsteorien
Vekselverknad
Sterk kjernekraft
Elektromagnetisme
Svak kjernekraft
Gravitasjon
Fargekraft
Eigenskapar
Energi
Rørslemengd
Elektrisk ladning
Spinn
Paritet
Isospinn
Svakt isospinn
Fargeladning

Kvantemekanikken er ei grein innan fysikken. Han vart utvikla i perioden 19251928, som eit svar på at den klassiske mekanikken forutsa andre resultat enn dei målte i ein del avgjerande fall. Kvantemekanikken seier at i bundne fysiske system er materien i røynda kvantisert. Denne kvantiseringa går likevel over så små storleiksskalaer at den er vanskeleg å leggja merke til. For prosessar som involverer atomære og subatomære storleikar spelar kvantemekanikken ei avgjerande rolle, til dømes

Aksiomatisk oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Kvantemekanikken baserer seg på fire grunnleggjande postulat:

  1. Tilstanden til eit fysisk system kan skildrast fullstendig ved ein tilstandsfunksjon |Ψ>. Denne funksjonen må oppfylle Schrödingerlikninga.
  2. Alle observerbare storleikar på systemet kan lesast ut frå funksjonen |Ψ>. Til kvar observerbare storleik A høyrer det i kvantemekanikken til ein lineær operator Â.
  3. Forventningsverdien av ein observerbar storleik A er gjeven ved <A> = <Ψ|Â|Ψ>. Altså kan vi rekne ut kva gjennomsnittet av fleire målingar vil bli ved hjelp av operatoren  og eit indre produkt mellom |Ψ> og den komplekskonjugerte <Ψ|.
  4. Ei måling av ein observerbar storleik A kan kun gje som resultat ein av eigenverdiane an til operatoren Â. Rett etter målinga er systemet i tilstanden Ψn svarande til den målte eigenverdien, men etter kvart kan systemet skli over til andre eigentilstandar.

Kvantemekaniske resultat[endre | endre wikiteksten]

Eit av dei viktigaste resultata frå kvantemekanikken er Heisenbergs uskarpheitsrelasjon. Erwin Schrödinger spelte også ei viktig rolle i kvantemekanikken, og kom med Schrödingerlikninga.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]