Kvarg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tysk ostekake laga av kvarg.

Kvarg er eit osteprodukt som er særleg populært i mellomeuropa, i tyskspråklege land (quark) og i Estland (kohupiim).

Ein lagar kvarg ved å syrna mjølk, så ein kan skilja det faste, ostestoffet frå det flytande, mysen. Ein enkel måte å gjera dette på, er å sila den sure mjølka gjennom ein silduk, så ostestoffet samlar seg. Om ein ynskjer tjukkare kvarg, kan ein tilsetja fløyte eller rjome. Det kan brukast i matlaging, som pålegg, som dessert eller i ostekaker.

Kvarg kan minna om kesam, men kvarg har ein meir syrleg smak og kornaktig konsistens enn kesam.

Kjelder [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]