Kvasiatom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit kvasiatom er ein struktur der to atom er så nær kvarandre at elektrona deira har energinivå som er karakteristiske for eit enkelt atom med atomnummer lik summen av mengda elementærladningar i dei to atomkjernane.

Det kan oppstå kortliva kvasiatom i kollisjonar mellom to atom eller mellom eit ion og eit atom, så lenge atomkjernane er mykje nærare kvarandre enn radiusen til dei inste elektronbanane. Supertunge kvasiatom, med atomnummer over 173, har ein bindingsenergi som er to gonger større enn kvileenergien til elektronet. For slike kvasiatom opptrer ein effekt der ein får ein elektrisk ladd vakuumtilstand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]