Energinivå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit energinivå er energien til eit system av molekylær storleik eller mindre når systemet er i ein tilstand som ikkje blir endra med tida (ein stasjonær tilstand). Når til dømes eit atom går frå eit energinivå til eit anna og lågare energinivå, sender det ut elektromagnetisk stråling, som gjev opphav til eit linjespektrum. Niels Bohr formulerte den første primitive versjonen av kvantemekanikken i 1913. Frå dette utleidde han energiane i energinivåa til hydrogenatomet, og forklarte vidare bølgjelengdene i mellom anna balmerserien i hydrogenspekteret som ein konsekvens av at energien er bevart. Diskrete energinivå finst òg i atomkjernen. Energinivåa i kjernen har ein storleiksorden kring MeV, og elektromagnetisk stråling som blir sendt ut ved overgang mellom desse vert kalla gammastråling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]