Kvelv i arkitekturen
Kvelv (ein eller eit kvelv) er i arkitekturen eit bogeforma tak over eit rom, eller ein berande konstruksjon i bogeform, som oftast laga i murverk, stein eller betong, men det finst òg kvelv laga av tre. Den enklaste utgåva av kvelva er tønnekvelva.
Typar av kvelv [endre]
-
Seksfasa gotisk ribbekvelv
-
Ei steinkvelvbru, her Åros bru, er bygd etter same prinsipp som eit tønnekvelv
Foto: Jarle Vines -
Puddefjordsbrua over Puddefjorden i Bergen er ei moderne kvelvbru i betong.
-
Kvelv i ruinen av mellomalderkyrkja S:t Nicolai i Visby på Gotland.
-
Taket i skipet i Røros kyrkje er eit tønnekvelv av tre.
Trykket frå kvelvet [endre]
Trykket frå eit steinkvelv over rommet i ein bygning rettar seg ikkje berre nedover, men òg til sidene, og må anten takast opp av tjukke og tunge veggar, eventuelt i kombinasjon med søyler, eller som i dei gotiske kyrkjebygningane med sine store vindaugsopningar, òg i kombinasjon med utvendige bogar over til utvendige støttepilarar.