Notre-Dame de Paris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå Notre-Dame og Vår Frue for andre kyrkjer med same namnet.
Notre-Dame i Paris

Notre-Dame de Paris, eller berre Notre-Dame (som tyder Vår frue, altså Jomfru Maria), er ein katedral i Paris bygd i tida 1163-1345. Katedralen, som er hovudsetet for det romersk-katolske erkebispedømet Paris, ligg på øya Île de la Cité i elva Seinen, og er ein stor turistattraksjon.

Notre-Dame de Paris med eit tynt lag snø på taka. Den utvendige oppstøttinga av kvelva over romma inne i kyrkja dominerar fasadane på denne og andre gotiske kyrkjer.

Planlegging av kyrkja vart sett i gang i 1159 av biskop de Sully. Den første steinen vart lagd i 1163 og markerte byrjinga på slit i to hundre år for mange arkitektar og handverkarar. Kyrkja er bygd som ein basilika i gotisk stil, med fem kyrkjeskip, tverrskip og kyrkjekor med utvendige kapell og gravmæle. I vest er det to 69 meter høge tårn og ei fasade rikt dekorert med skulpturar og relieff. Over Dommedagsportalen er eit av rosevindauga, med glasmåleri frå 1200-talet. Kyrkja vart restaurert i 1845-64 under leiing av Eugène Viollet-le-Duc. Vidare restaurering og vedlikehald byrja i 1991.

Napoleon Bonaparte lét seg krona til keisar av Frankrike i Notre-Dame den 2. desember 1804.

Katedralen har vorte klassifisert som eit verdshistorisk monument av Dei sameinte nasjonane.

Kyrkja i skjønlitteraturen[endre | endre wikiteksten]

Ringaren i Notre Dame er ein roman av Victor Hugo som har mykje av handlinga si lagt til kyrkja.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Notre-Dame de Paris