Kvinnene på Våler Skurlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvinnene på Våler Skurlag var 13 kvinner som i 1975 vart oppsagde frå arbeidsplassen sin fordi dei var kvinner. Dette var ikkje første gongen kvinner vart oppsagde på grunn av nett fordi dei var kvinner, men det skulle verta siste gong i Noreg at det vart brukt som offisiell grunn.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

1975 var SN sitt internasjonale kvinneår, og ei slik oppseing fekk mykje merksemd i pressa, i tillegg til at Norsk bygningsarbeidarforbund, der kvinnene var organiserte, og LO engasjerte seg. Dei oppsagde kvinnene fekk òg mykje støtte frå ulike lag, fagforeiningar og feministgrupperingar, blant anna den ganske nystarta Kvinnefronten.[2]

Norske fagforbund hadde sidan 1930-åra arbeidd for å innarbeida ansiennitetsprinsippet, det vil seia at sist tilsette må gå først ved oppseiingar. Regjeringa hadde utarbeidd eit forslag til eit lov om likestilling mellom kjønna, men Likestillingsloven vart ikkje vedteken før i 1978. Ved Våler Skurlag såg leiinga bort frå ansiennitet, og lét såkalla «sosiale» argument vega tyngst ved oppseiingane. Menn vart føretrekte fordi dei vart sett på som hovudforsørgjarar.[3]

Våler Skurlag var Norske Skog sin fabrikk på Braskereidfoss.[4] Per 1974 hadde fabrikken i alt 200 tilsette. 13 av arbeidarane var kvinner. Felles for desse var at dei var middelaldrande kvinner som hadde gått ut i arbeidslivet etter å ha vore hjemmeverande ein periode. Fleire av dei hadde meir enn åtte års ansiennitet, ingen hadde mindre enn tre år. Nokre arbeidde skift, andre på dagtid. Dei utførte arbeidsoppgåver som òg mennene hadde, og det var lik løn for likt arbeid.[5]

Oppseiingar[endre | endre wikiteksten]

I 1974 vart arbeidarane informert om at bedrifta planla omleggingjer og rasjonalisering, men at ein ikkje rekna med oppseiingar, berre naturleg avgang. I januar 1975 drøfta fagforeininga moglege oppseiingar. Utgangspunktet for den seinare konflikten, bedrifta si rasjonalisering, vart godteke av tillitsmenn og fagforeininga utan motargument eller protestar. Dei tok berre stilling til kven som skulle seiast opp.

Tidleg i april 1975 vart tre av kvinnene i høvleriet bedne av bedriftsleiinga om å slutta frivillig. Kvinnene nekta. 15. april fekk alle tilsette kvinner ved skurlaget oppseiingsbrev. Dei sende straks inn protest, og hevda at oppseiingane var kvinnediskriminerende. I mai vart det halde eit allmøte i fagforeininga. Der stemde dei fleste tillitsmennene og eit fleirtal av dei mannlege arbeidskameratane for at kvinnene måtte gå. Voteringsresultatet vart 105 for, 8 blanke og 35 mot.

16. mai 1975 inngjekk LO og NAF i Oslo ei avtale om at sju av kvinnene skulle få attende jobben. Oppseiingane vart dømde som klårt usaklege,[6] og 11. juni fekk dei sju kvinnene stadfesting på at oppseiingane var trekt attende. Bedriftsleiinga hevda at rasjonalisering og nedbemanning var heilt naudsynt, og sju menn vart oppsagde i staden for kvinnene.[7] Denne gongen vart ansiennitetsprinsippet følgt.[8] Politisk radikale grupperingar la vekt på at dette ikkje berre hadde vore ein kvinnekamp, men at bedriftsleiinga ved å seia opp kvinnene i første omgang, hadde lagt opp til splitting, der arbeidarane skulle stått saman i kampen om retten til arbeid.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Storvik, Kaia. «Tretten kvinner fra Våler sa nei». Kilden: informasjonssenter for kjønnsforskning. 
  2. 2,0 2,1 N.N. (18. juni 1975). «Kvinnefronten har hatt distriktskonferanse». "Rogalands Avis".  (eit døme på støtte og omtale)
  3. Bull (1982), s. 452 (eit av mange døme på omtale av dei «sosiale» argumenta, som ingen, heller ikkje leiinga på fabrikken, har nekta for)
  4. Våler Skurlag AS
  5. Faafeng & Hjeltnes (1975), s. 11
  6. Fra fagbevegelsens historie. NRK undervisningsavdelingen fjernsynet. 1984. s. 26. 
  7. Talet varierer mellom seks og sju i dei ulike kjeldene
  8. Faafeng & Hjeltnes (1975), s. 18–19

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]