Lærdalstunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°59′23″N 7°23′54″E

Lærdalstunnelen
Laerdalstunnelen.jpg
Inngangen til Lærdalstunnelen frå Aurlandsida (16. juli 2006)
Offisielt namn Lærdalstunnelen
Transporterer Biltrafikk – 2 felt
Veg E16
Stad Aurland
Lærdal
Kommune Aurland
Lærdal
Fylke Sogn og Fjordane
Lengd 24 509 m
Opna 2000-11-2727. november 2000
Inni tunnelen.
Foto: Arno van den Tillaart

Lærdalstunnelen er ein vegtunnel mellom Aurland og Lærdal i Sogn og Fjordane fylke. Med sine 24 510 meter er tunnelen den lengste vegtunnelen i verda. Bygginga av tunnelen tok til den 15. mars 1995. Den 3. september 1999 var det gjennomslag, og den 27. november 2000 vart tunnelen erklært klar for vanleg trafikk. Tunnelen ligg på strekninga OsloBergen. Tunnelen gjer det mogleg med eit vintersikkert samband mellom dei to største byane i Noreg. Ein må ikkje betala bompengar for å køyra gjennom tunnelen, slik som ein må gjennom mange andre tunnelar. Tunnelen er ein del av Europaveg 16.

Tunnelen er formgjeven med tanke på å letta konsentrasjonen til dei køyrande. Slik er tunnelen delt inn i fire seksjonar, med tre store fjellholer mellom. Fjellholene er lyssette og skal kunna gje dei køyrande ei avveksling. Om nokon skulle få problem under køyringa er det mogleg å stoppa og ta ein pause.

Det er dekning for mobiltelefonnettet GSM og radiosignal for P1 og P4 gjennom heile tunnelen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lærdalstunnelen