LIBOR

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

LIBOR (London Interbank Offered Rate) er ein referanseverdi for den renta bankane krev når dei gir kortsiktige, usikra lån til andre bankar i pengemarknaden i London (pengemarknadsrente). Med andre ord er LIBOR den renta som bankane krev for utlån seg imellom.

LIBOR vert oppdatert dagleg av British Bankers' Association i London, og er eit gjennomsnitt av rentene som dei 16 største bankane krev for sine usikra innskot av dollar i Interbank-marknaden. Behovet for ein slik standard melde seg først i 1984 på grunn av den store veksten i talet på bankar, samt stadig nye, varierte og relativt uoversiktlege finansielle instrument i marknaden.

LIBOR er i dag den desidert mest brukte referanseverdien for ei rekkje finansielle instrument. Låntakarar oppgir gjerne lånerenta dei har fått som ein faktor av LIBOR, for å illustrere kva vilkår dei har fått på sine kortsiktige lån. Til dømes: Eit multinasjonalt konsern med svært god kredittvurdering, som tek opp eit lån over tolv månadar, kan rekne med å måtte betale LIBOR pluss 4 eller 5 punkt for lånet. Ein mindre attraktiv låntakar må betale LIBOR pluss 10 punkt. Å oppgi lånerenter som ein faktor av LIBOR er nyttig fordi ein umiddelbart ser kor gode lånevilkår ein har fått, i forhold til den renta dei aller beste kundane kan oppnå. Blant dei landa som brukar LIBOR som referanseverdi for lånerenter er USA, Canada, Sveits og Storbritannia

Den norske parallellen er NIBOR (Norwegian Interbank Offered rate) som er den norske pengemarknadsrenta.