Lada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
AUTOVAZ

Lada (ru.: Лaдa) er eit russisk (opphavleg sovjetisk) bilmerke produsert av AUTOVAZ (òg kjent som VAZ: Volzhsky Automobilny Zavod/ВАЗ: Во́лжский автомоби́льный заво́д). Lada var til å byrje med berre bruka i eksportsamanheng, medan merket Zhiguli stod for den same bilen i heimemarknaden. På 1980-talet blei namnet Lada òg innført i Russland. Hovudkvarteret til Lada ligg i Togliatti i Samara oblast.

Den svært rimelege «klassiske Ladaen», kjent som mellom anna Zhiguli, Lada Riva og Lada Classic blei selt i store mengder i Vest-Europa, men seinare modellar klarte ikkje å bli like populære. Nye avgifts- og avgassreglar sette ein endeleg stoppar for Lada-importen i dei fleste vest-europeiske land på midten av nittitalet.

Lada Niva er òg ein populær modell med firehjulstrekk og høg bakkeklaring. I dei seinare åra har Lada samarbeidd med General Motors, og Chevrolet har laga ein egen versjon av Nivaen, Chevrolet Niva.

Modellar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]