Landforma eid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Eid.
Panamaeidet som bind Nord- og Sør-Amerika saman.

Eid er ei landbru eller eit smalt landområde som bind saman to større landområde og skil to havområde. Dette i kontrast til eit sund, som er eit smalt område med sjø eller vatn mellom som skil to landområde og bind saman to havområde.

Somme stader er eid relativt flate område som eignar seg til å byggje skipskanalar gjennom. Eit eksempel på dette er området i Panama der Panamakanalen går gjennom. Tidlegare har ein drege båtar over smale, låge eid der det aldri vart bygd kanalar. Det sparte mannskapet for seglas eller roing rundt nes eller halvøyar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]