Laurence Rees

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Laurence Rees (f. 1957) er ein britisk dokumentarfilmskapar og forfattar som særleg har vore opptatt av temaet nazismen og andre verdskrigen.

Rees har produsert fleire dokumentarar for BBC mellom anna Auschwitz: Inside the Nazi State.

Av bøker han har utgjeve kan ein nemne The Nazis: a Warning from History og Auschwitz: a New History. For den siste boka vann han i 2006 prisen History Book of the Year. Bøkene hans om temaet nazisme blei også diskutert på det norske tv-programmet Først & sist der han var gjest den 20. oktober 2006.

Rees har også vunne fleire prisar for dokumentarane sine, slik som til dømes Grierson Award, International Documentary Award, og BANFF festival award.