Laurent Gbagbo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
President Laurent Gbagbo i oktober 2007.

Laurent Gbagbo (fødd 31. mai 1945) er ein ivoriansk politikar. Han vart president i Elfenbeinskysten i år 2000, og skulle eigentleg ha gått av då han tapte presidentvalet til Alassane Ouattara i november 2010. Då han nekta å gje frå seg makta, førte dette til valdeleg opprør, på grensa til borgarkrig i Elfenbeinskysten.

Unge år[endre | endre wikiteksten]

Gbagbo voks opp i delstaten Gagnoa i Elfenbeinskysten. Han utdanna seg til professor i historie, og viste seg som motstandar av regimet til den dåverande presidenten Félix Houphouët-Boigny. Frå 1971 til -73 sat Gbagbo i fengsel for meiningane sine. Etter dette tok han doktorgrad ved Université Paris Diderot i Paris, og blei direktør for instuttet for historie, kunst og afrikansk arkeologi ved Universitetet i Abidjan i 1980.

Kandidat for FPI[endre | endre wikiteksten]

Etter ein fagforeiningskarriere gjekk Gbagbo i eksil i Frankrike i 1982 og blei der til 1988. Det året vendte han attende til heimlandet og vart vald til generalsekretær for partiet Ivorian Popular Front (FPI). I 1990 stilte Gbagbo til val, og då fleirpartisystemet nett var innført, var han den einaste alternative presidentkandidaten til Houphouët-Boigny. Han fekk 18 % av stemmene i det valet. Same året vart han røysta inn i nasjonalforsamlinga saman med åtte andre FPI-medlemer. I 1992 vart han igjen dømt til fengselsstraff for å hissa til opptøyer, men vart lauslaten seinare same året.

Valet i 2000[endre | endre wikiteksten]

I 1993 døydde president Félix Houphouët-Boigny, og overlét makta til Henri Konan Bédié. Han vart sitjande fram til 1999, då Robert Guéï tok makta ved eit kupp. Gbagbo stilte som presidentkandidat i valet i 2000. Guéï hadde nekta både Alassane Ouattara og Henri Konan Bédié å stilla til val, og Gbagbo vart difor einaste verkelege alternativ. Guéï utropte seg sjølv til valvinnar, men Gbagbo meinte at det var han som var vinnar, med 59,4 % av stemmene. Det braut ut opprør i Abidjan, Guéï flykta og Gbagbo vart president i år 2000.

Borgarkrig og nytt val[endre | endre wikiteksten]

I år 2002 forsøkte eit nytt kupp å ta makta frå Gbagbo, men misluktest. I kjølvatnet av dette braut borgarkrigen i Elfenbeinskysten ut. På grunn av krigen vart neste presidentval stadig utsett, og vart ikkje halde før i november 2010. Alassane Ouattara vann med 54 % av stemmene, men Gbagbo skuldar på valfusk. Internasjonale observatørar meiner derimot at valet var rettferdig. Etter dette har det brote ut uro og valdshandlingar i Elfenbeinskysten, på grensa til borgarkrig. Mange aktørar har vore involvert.

Den 11. april kom meldinga om av Laurent Gbagbo har vorte pågripen av franske spesialstyrkar. [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]