León

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
León
LeóndesdeTrobajo.jpg
Flagget til León Byvåpenet til León
Flagget til León Byvåpenet til León


Plassering
León is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Castilla y León
Provins León
Grunnlagd 29 fvt.
Borgarmeister Francisco Javier Fernández Álvarez
Geografi
Flatevidd
 - By

39,03 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

135 119
  3 461,9 /km²
Koordinatar 42°36′″N 5°35′″WKoordinatar: 42°36′″N 5°35′″W
Høgd over havet 838 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 24001 - 24010
Telefon-retningsnummer 987
Nettstad: www.aytoleon.es

León er provinshovudstaden i provinsen León i den autonome regionen Castilla y León, nordvest i Spania. Han har kring 135 000 innbyggjarar og er den største kommunen i provinsen med over ein fjerdedel av innbyggjarane.[1]. Storbyområdet kring byen tel i overkant av 200 000 innbyggjarar.

León er kjend for den gotiske León-katedralen og mange andre monumentale byggverk, som Real Colegiata de San Isidoro (der kongane av kongedømet León vart gravlagd), Casa de Botines (tidleg arbeid av den spanske arkitekten Antoni Gaudí, i dag ein bank); San Marcos frå 1500-talet og det nye MUSAC, eit museum for moderne kunst.

León er òg kjend for festivalen eller «fiestas», som påskefeiringa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

León vart grunnlagd i det første hundreåret fvt. av den romerske legionen Legio VI Victrix. I 68 evt. oppretta Legio VII Gemina ein permanent militærleir her, som seinare vart opphavet til byen. Det moderne namnet på byen kjem frå det latinske namnet Legio[2], som igjen kjem av den romerske legionen som heldt til her. Legionen oppretta staden for å verne gulltransporten i området.

Etter Romarriket har historia til byen i stor grad følgd historia til Kongedømet León. León stod imot åtak frå vestgotarane fram til 586 då han omsider vart erobra av Leovigild, og han var ein av få byane som fekk lov å behalde festningsverka sine av vestgotarane. Under kampane mot dei muslimske inntrengarane vart dei same festningane som romarane bygde, nytta som ein del av forsvaret av området.

I 846 kom ei gruppe av mozarabarar (kristne som ikkje flykta frå muslimane og levde under det muslimske regimet) og prøvde å gjenoppbygge byen, men eit muslimsk åtak hindra dei i dette. I 856 gjorde den kristne kongen Ordoño I eit nytt forsøk på å gjeninnta byen og klarte det. Alfonso III av León og García I av León gjorde León til hovudstad i Kongedømet León og han vart på denne tida den viktigaste kristne byen på Den iberiske halvøya.

Kongeømet León starta offisielt som eit sjølvstendig kongedømet i 910, og vart eit rike som nådde elva Rhone på 1100-talet.

Byen vart plyndra av Almanzor rundt 987, og byen vart gjenoppbygd av Alfonso V.

Kongedømet León erobra det leonesiske Extremadura og vart ført saman av Fernando III, kongen av Castilla i 1230. Sonen hans Alfonso X delte kongedømet igjen i testamentet sitt, men dette vart ikkje godteke av kongen av Castilla, som slo saman begge kongedøma igjen. Frå 1296 til 1301 var León eit sjølvstendig kongedøme igjen, og igjen fram til 1833 då Spania vart delt inn i regionar og provinsar.

På 1500-talet vart det økonomiske nedgangstider i byen og mange folk flytta. Denne trenden heldt fram til 1800-talet. I juli 1936 under den spanske borgarkrigen gjekk León inn i krigen på republikanarane si side.

I 1983 vart León ein del av naboregionen Castilla då den autonome regionen Castilla y León vart oppretta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Datos de áreas urbanas en 2006. Hay otras estadísticas que aportan cifras distintas.
  2. Itin. Ant. s. 395; Ptol. ii. 6. § 30

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: León