Den spanske borgarkrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Den spanske borgarkrigen frå 1820 til 1823
Kart over frontlinene hausten 1936
Erklæring frå Franco om at krigen var over, og at nasjonalistane hadde nådd måla sine

Den spanske borgarkrigen var ein blodig borgarkrig som varte frå 1936 til 1939, og som idealistar frå heile Europa involverte seg i.

Krigen vart i all hovudsak utkjempa mellom høgresida og venstresida i spansk politikk. Høgresida vart i stort kalla «nasjonalistane» og hadde mellom anna som mål å innføra monarkiet på nytt. Venstresida var liberalarar, sosialistar, anarkistar og kommunistar. Venstresida vart i vid tyding kalla «republikanarane». Dei støtta den spanske republikken, og den demokratisk valde folkefront-regjeringa.

Byrjinga[endre | endre wikiteksten]

Opprøret mot Folkefrontregjeringa starta 17. juli 1936 i det spanskstyrte Nord-Afrika, leidd av general Francisco Franco. Elitetroppar derifrå vart flogne inn til Spania, og nasjonalistane kjempa seg frå sør og nordover i Spania. Fleire byar gjekk over til nasjonalistane, men republikanarane greidde å halda blant anna hovudstaden Madrid heilt til slutten av krigen.

Franco og hans folk hadde kontroll over mesteparten av hæren, og tenkte seg eit raskt og brutalt militærkupp mot venstreregjeringa, men arbeidarar, intellektuelle og småbønder greip spontant til våpen, og organiserte militsar som både forsvarte republikken og dreiv ei sosial omdanning i store delar av landet, der fagforeiningar tok over fabrikkar og småbønder delte opp godseigarjorda eller skipa frivillige kollektivbruk. Dette var den spanske revolusjonen.

Motstand i Catalunya[endre | endre wikiteksten]

Særleg i Catalunya (Catalonia) stod dei anarkistiske og venstresosialistiske militsane sterkt, og det var eit sovjetisk krav for å gi republikken våpen at den sosiale revolusjonen dei representerte vart stansa. Dette vart gjort i mai 1937, da det venstresosialistiske partiet POUM som stod relativt sterkt i Catalunya vart forbode og undertrykt av den republikanske regjeringa, som var dominert av borgarlege venstrerepublikanarar, høgresosialdemokratar og stalinistiske kommunistar.

I Barcelona kom det til væpna samanstøytar, med POUM-folk og anarkistar frå CNT på eine sida, og stalinistar og borgarlege republikanarar på den andre. Leiaren av POUM, Andres Nin, vart bortført, mest truleg av sovjetiske agentar, og forsvann for godt. Josef Stalin ønskte ein allianse med Storbritannia, og ville ikkje ha ein sosialistisk revolusjon i Spania som kunne skremma den konservative regjeringa i London, og heller ikkje ein demokratisk sosialisme i Spania som kunne stilla hans eige regime i eit dårleg lys.

Undertrykkinga av desse sterkt anti-fascistiske kreftene svekte truleg republikken sitt forsvar mot Franco sine styrkar.

Hjelp frå fascistlanda[endre | endre wikiteksten]

Dei fascistiske regima i Italia og Tyskland sende store styrkar for å hjelpa nasjonalistane. Spania vart nytta som ein stad å testa ut nye taktikkar før større krigar. Krigen gjorde at dei nazityske styrkane hadde «god» trening før den andre verdskrigen.

Den 26. april 1937 vart byen Guernica i Baskarland bomba av det tyske flyvåpenet Luftwaffe. Byen var ikkje militært viktig, men det vart store skadar. Byen hadde mykje å seie som symbol, og bombinga demonstrerte nasjonalistane sitt herredøme i lufta og deira vilje til terror mot sivilfolket. Dette var fyrste gongen i europeisk historie at eit sivilt mål vart terrorbomba.

Sovjetunionen sende noko hjelp til venstresida, og i tillegg kom mange friviljuge sosialistar og kommunistar frå mange land i Europa og Amerika. Dei fleste friviljuge organiserte seg i «internasjonale brigadar», mellom dei var om lag 250 frå Noreg. Mellom 70 og 100 av dei mista livet. Dei friviljuge måtte fara til Spania illegalt, fordi styresmaktene i mesta alle land ikkje ville «blanda seg inn».

Ikkje-innblanding[endre | endre wikiteksten]

Dei vestlege stormaktene førte ein såkalla «ikkje-innblandingspolitikk» etter avtale med Mussolini og Hitler (som openbart braut den same avtalen), og særleg den konservative regjeringa i Storbritannia viste sympati for Franco. Den lovlege, demokratisk valde venstre-regjeringa i Spania fekk ikkje ein gong kjøpa våpen av vestmaktene.

Høgresida vann til slutt krigen i 1939, og Francisco Franco vart utropa til diktator av Spania, som fekk eit fascismeliknande styresett. I tillegg til dei 400.000-500.000 som fall i krigen, vart om lag hundre tusen venstreorienterte drepne etterpå, mellom anna i konsentrasjonsleirane som vart oppretta.

Franco-Spania var formelt nøytralt under andre verdskrigen, men sende likevel ein heil divisjon til austfronten for å hjelpa Hitler. Trass i dette gjorde vestmaktene ingenting for å avskaffa Franco-diktaturet etter krigen, og frå 1950 hadde Franco-Spania militær samarbeidsavtale med USA, og var ein faktisk alliert med USA. Franco-diktaturet varte heilt til 1975. Så seint som dette året vart politiske fangar avretta ved garottering (sakte kveling) i Spania.

Les meir[endre | endre wikiteksten]

Meir om det som skjedde i Catalunya i 1936-37, kan ein mellom anna lesa i boka «Homage to Catalonia» («Hyllest til Catalonia») av den britiske forfattaren George Orwell, som deltok som friviljug i POUM-militsen. Ken Loach sin britisk-spanske film «Land and Freedom» omhandlar òg desse hendingane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den spanske borgarkrigen